Ingebjørg Olavsdotter Bratteland

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Ingebjørg Olavsdotter Bratteland (f. Trydal 1890, d. 1985) var bondekone på gardsbruket Nordstog Bratteland i Botnen i Bykle.

Ingebjørg var gift med Auver Helleiksson Bratteland (f. 1886, d. 1926). Han hogg seg stygt i kneet under arbeid i skogen og døydde i 1926, berre 40 år gamal. Ingebjørg sat åleine igjen i Nordstog med ni born. Det siste blei fødd dagen etter at Auver var død. Same sommaren sette ho i gang med turiststasjon på Bratteland. . Det var i samarbeid med Kristiansand og Opplands Turistforening.

Sonen Olav A. Bratteland overtok gardsbruket i 1946. Ingebjørg, dottera Sigrid og Olav blei buande saman på Bratteland til 1955. Då flytta dei til Kristiansand.

Kjelder

Eksterne lenker