Hopp til innhald

Kraftprodusent

Frå Setesdalswiki

Kraftprodusenten utnyttar vatnet som er lagra i magasina av regulanten på veg mot havet. Produsentane brukar magasin og kraftverk for å oppnå størst mogeleg samfunnsøkonomisk vinst av produksjonen.

I Otravassdraget er det til saman 14 kraftverk som produserer elektrisk kraft. Eigarane fordeler seg slik: Å Energi Vannkraft eig Hovatn, Longerak, Iveland, Nomeland, Steinsfoss, Hunsfoss, Fennefoss og ein del av Hekni kraftverk. Otra Kraft eig Skarg, Holen I + II + III og Brokke kraftverk. Skagerak Kraft eig ein del av Hekni kraftverk. Hydro Vigelandsfoss eig Vigelandsfoss kraftverk.

Kjelder

  • Otra Kraft, brosjyre