Brudle

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Brudled ved Røyrstean i Vestre Trældal, i grenseområdet mellom Bygland og Åseral.
Typisk pikkstein oppe på Prestvardheia. Dette er på Nordmannsvegen, ein gamal ferdselsveg mellom Åseral og Bygland.

Brudle eller brudled er lange steinrekkjer på flate berg langs gamle ferdselsvegar. Ofte startar rekka med ein pikkstein, eller det er pikkstein i nærleiken. Ordet betyr brudefylgje. Ein finn dei bare på Agder og i grensestroka mot Rogaland og Telemark.

Formen og storleiken på steinane kan variere sterkt, også i same brudledet. Dei kan vere fleire mannsløft store. Ofte er steinane størst i den eine enden og minkar mot den andre, men ein kan også sjå at dei er størst på midten. Lengden kan vere frå seks, sju steinar til over 70.

Brudle i Setesdal

Evje og Hornnes

  1. Brulemyra ved gangsti Åmland-Frikstad, vest for stien. Jakob Kleggetveit høyrde at det var eit brudefylgje på veg frå Frikstad til Åmland som la ned brudleet. Mykje av det har kome bort.
  2. Bjørkåsheia ved vegen Vatne-Vegusdal i utmarka til Lislevatn. Fleire steinhaugar med steinar i rekkje ved haugen.
  3. Vest for Hisåna, nord for Gautestad, mellom Gautestad og Grendi. To brudle ligg i vinkel mot kvarandre, aust-vest og nord-sør. Eit tredje brudle ligg 100-150 meter nordaust for desse.
  4. Fjellmannsvegen over Lauvåsheia er det eit brudle på 21 steinar som vender mot sør.
  5. I Brurleddalen vestafor Øvre Dåsvatn er det to brudle like ved kvarandre. Dei er omtalte i Gamalt or Sætesdal II side 371 «16 steinar stend i rad»

Bygland

  1. Mellom Bjønnstølen og Bekkerhusvatnet på Vassendheii, 50 meter vest for Geitedalen mellom Geitetjønn og ei lita tjørn.
  2. Ved Skjerningstønn på heia ved Dale i Bygland
  3. I Grendeskaret på Vegen Grendi-Øvre Skjeggedal
  4. På Gråhei på stien Lauvdal-Guddalstøylen-Tveitli, 300 meter vest for Gluggvardstjønn.
  5. Mellom støylane Øy og Sande
  6. Ved Vøilevatnet på Austmannavegen nordaust for Jordalsbø. Ligg aust-vest, ti steinar frå ti til hundre kilo, ender i ei røys i aust.
  7. Ved Vøilevatnet på Austmannavegen nordaust for Jordalsbø. Ligg aust-vest,dei to største på midten, mindre mot endane.
  8. Bruleheia ved Hovatn på vegen Åraksbø-Vestre Kile
  9. Bruletjønna på vegen Austad-Vestre Kile
  10. Bruledheii 200 meter sørvest for vegen Beinesvatn-Myhola-Skomedal, sørvest for Myholtjønni. Retning nord-sør, 20 steinar
  11. Nedst i Såveskardalen ved Vestre Trældalen på vegen Austegard-Ose. 20 steinar
  12. Brudle på berg nordvest for Stuvetjønn i Vestre Trældalen på vegen Austegard-Ose. 17 steinar

Valle

  1. Brudleberg på Besteland. Stadnamn
  2. Brudleberget ved Reigårdsstøylen på Nordmannsvegen Brokke-Suleskar
  3. Brudle nær Floti i Evardalen på eit berg nord for bilvegen
  4. Ved Rolvskvil på vegen Homme-Finndalen er det 7-8 brudled
  5. Heddefjødd på vegen Stavdalen-Finndalen. Brudle på 16 steinar som ligg aust-vest

Bykle

  1. Langs vegen Byklum-Støyledalen-Vatndalen.

Litteratur

Kjelder