Hisåna
		
		
		
		
		
		Hopp til navigering
		Hopp til søk
		 
  
		
	
 
  Fangarmar til teine i Hisåna. Foto: Geir Daasvatn
Hisåna er ei lita elv som renn frå Hisvatnet heilt sør-aust i Bygland kommune til Høvringsvatn på Gautestad nord-aust i Evje og Hornnes kommune. Ned mot Høvringsvatn renn Hisåna gjennom Geiruvstjønn og rett etter utfor Kvernhusfossen.
Eit par hundre meter ned for osen av Hisvatn kan ein enno sjå fangarmar som må ha vore i bruk for fiske med teine i Hisåna i eldre tider.