Hopp til innhald

Prestvardheia

Frå Setesdalswiki
Prestvardheia, august 2024.

Prestvardheia ligg nord-aust for Espelid i Åseral, ved det større Vorefjellet, nær kommunegrensa mot Bygland. Heia er det høgaste punktet på den gamle Nordmannsvegen mellom Bygland og Åseral. Herfrå kan ein sjå heilt ned til Åknes kapell ved Lognavatn.

Heia har namn etter ein stor varde nær toppen. Segna seier at ein prest fraus ihjel her, på veg til Åknes for å halde messe.

Kjelder

Kart

Laster kart ...