Valle kommune

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 11. juli 2015 kl. 11:16 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Rettet tegnsetting)
Hopp til navigering Hopp til søk
Kommunevåpenet i Valle kommune.
Valle sentrum sett frå Åmli.
Foto: Siri Johannessen

Valle er ein innlandskommune i Aust-Agder fylke. Valle ligg i Setesdal, og grensene i dalen går i sør mot Bygland kommune og i nord mot Bykle. I nord og aust ligg telemarkskommunane Tokke og Fyresdal, i vest ligg Sirdal i Vest-Agder. Grensene mot Telemark og Vest-Agder går i høgfjellet.

Noverande kommune vart til 1. januar 1962 ved at dei to små kommunane Valle og Hylestad vart slått saman. Valle kommune har vore med i Setesdal Regionråd frå regionrådet vart starta.

Geografi

Setesdal med elva Otra og riksvei 9 dannar ein akse i retning nord-sør gjennom Valle kommune. Langs denne aksen ligg den eldre busetnaden og dei to sentrene Valle og Rysstad.

På begge sider av dalen ligg store fjellvidder, Setesdal Vesthei og Setesdal Austhei. Den vestlege delen av kommunen er ein del av Setesdal Vesthei - Ryfylkeheiane Landskapsvernområde. Europas sørlegaste villreinstamme held til der.

Busetnad

Det er to sentrer i kommunen, Valle og Rysstad. Kommuneadministrasjonen ligg i Valle. Både Valle og Rysstad har butikkar og kyrkje, og på Rysstad ligg sentralbygget til Setesdalsmuseet. Likevel har korkjs Valle sentrum eller Rysstad folk nok til å vere ein tettstad etter SSB's formelle krav til ein tettstad; etter SSBs lister er det pr. 2006 ingen tettstader i Valle kommune.

Grender og gardar

Frå sør mot nord i den gamle Hylestad kommune ligg Besteland, Helle, Rysstad, Nomeland, Brokke og Uppstad på vestsida av elva og Straume, Bjørgum og Hovet på austsida. I Valle er Sandnes, Kveste, Tveiten, Valle, Tveitebø, Homme, Flateland og Rygnestad på austsida av elva, mens Bø, Åmlid, Nomeland, Øyne, Dale, Løyland og Røysland ligg på vestsida.

I kommunen er det to større hytteområder. Det eine ligg ved Store Bjørnevatn på austsida av dalføret, ved Fylkesveg 45 på vegen mot Dalen. Det andre ligg ved Furustøyl på vestsida av dalføret, i området Setesdal Vesthei, ved vegen til Sirdal.

Otra krafts kontor.
Foto: Siri Johannessen

Vannkraft

Vannkraft er ei viktig inntektskjelde for kommunene Valle og Bykle. Utbygginga av kraftverk i Valle starta på 1960-talet. Otra Kraft, som held til ved Brokke kraftverkNomeland, driv fleire kraftstasjoner i Setesdal. Det første kraftverket småkraftverkselskapet Småkraft bygde, var Bjørgum kraftverk.

Kultur

Valle kommune er ein aktiv kulturkommune og sist på 1990-talet kom kommunen på andreplass i ei kåring av kulturkommunane i landet, bare etter Larvik. Frå midt på 1990-talet har kommunen delt ut Valle kommune sin kulturpris.

Dei siste åra har ein kvart år arrangert Kulturveka i Valle kvar haust i eit samarbeid mellom Valle kommune og Valle folkeakademi. Den startar som regel i samband med Sauesjået i Valle og har eit variert tilbod av kulturaktivitetar.

Dialekt

Valle er kjerneområde for setesdalsdialekten.

Folkedrakt

Guider på Rygnestadtunet. Formidling av folkedrakt er et av Setesdalsmuseets spesialområder.
Foto: Frode Inge Helland

Drakttradisjonen knyttet til Setesdal har også sitt kjerneområde i Valle kommune. Setesdalsdrakten er en tradisjon som har gått direkte fra folkedrakt til bunad, og det betyr at det finnes god dokumentasjon av denne draktskikken.

Folkemusikk

Stev og kveding har tradisjoner i Valle, og i nyere tid er disse videreført bl.a. av Kirsten Bråten Berg.

Munnharpe er et viktig instrument i tradisjonen fra Valle, som har svært dyktige utøvere i Bjørgulv Straume og Sigurd Brokke. Felespilltradisjonene føres videre, bl.a. av Gunnar Stubseid og Hallvard T. Bjørgum

Sølvsmedhandverk

Sølvsmedhandverket har spesielle tradisjoner i Valle, og kommunens videregående skole har lenge vært den eneste skolen i landet med egen sølvsmedlinje.

Kulturminner

Valle er rik på faste kulturminner, både arkeologiske kulturminner og bygninger. Her er gravhauger fra jernalder og vikingtid og gårdsbebyggelse fra middeladeren til vår egen tid.

Når det gjelder løse kulturminner fra bondekulturen er Valle (og Setesdal) godt representert i nasjonale samlinger, f.eks. på Norsk Folkemuseum.

Setesdal i nasjonal kultur

Som et resultat av nasjonalromantikken kom mange kunstnere til å kaste sitt blikk mot Valle og Setesdal og la seg inspirere til ny kunstnerisk produksjon. Dette gjaldt bl.a. maleren Carl Sundt-Hansen og dikteren Hans Henrik Holm.

Fil:Valle, skoleområdet og tusenårsmonumentet Wcr.JPG
Skoleområdet med tusenårsmonumentet.
Foto: Siri Johannessen

Tusenårssted

Kommunens tusenårssted er skoleområdet; Valle vgs, Valle skule, barnehagen og idrettshallen.

Verdens største munnharpe er kommunens tusenårsmonument.

Politikk

Hovedartikkel: Politikk i Valle kommune

Valle kommune har i lange periodar hatt ordførar frå Senterpartiet. Ved valet i 2007 gjord Valle Høgre eit godt val og fekk både ordførar og varaordførar. Bjørgulv Sverdrup Lund er ordførar, Sigbjørg Ness er varaordførar i perioden 2007 til 2011.

Val i 2011

Kyrkjer og bedehus

Historie

Eldre steinalder

Noreg var dekka av is fram til for omlag 14 000 år sidan. Då kom fjella ved Lista og Lindesnes til syne. Kysten av Aust-Agder og Telemark var dekka av is til for rundt 11 000 år sidan. [1] Dei første menneska byrja å vandre i Setesdalsheiene for om lag 9000 år sidan. Då låg det truleg endå att ein omlag 100 meter tjukk isbre nede i dalbotnen.[2] Jakt og fangst var dei viktigaste gjeremåla. Særleg gav reinen med faste, årlege trekkruter ei sikring av tilværet. Frå Setesdalsheiene er det registrert buplasser frå steinalderen som er over 7000 år gamle. Desse menneska var nok ikkje bufaste, men veidefolk på vandring[3].

Yngre steinalder

I yngre steinalder (3500-1800 f.Kr.) nådde jordbrukskulturen Setesdal[4]. Ved Straumsfjorden er det gjort arkeologiske undersøkingar som syner at det gjekk husdyr og beitte der 2600 år f. Kr. Så langt tilbake blei jordbruket truleg drive på nomadisk vis, med svedjebruk. Steinaldermenneska brant skogen, dyrka korn i 2-3 år, og flytta så til ein ny stad. Husdyra blei flytta frå beite til beite.

Bronsealder

Omfattande arkeologiske utgravingar på Moi i Bygland (2007) har dokumentert kontinuerlig busetnad i Setesdal heilt tilbake til yngre bronsealder (1100-500 f.Kr.)[5]. I Spor i Setesdalsjord skriv Leonhard Jansen at fast busetnad etter alt å døme kom først nede i dalføret, på dei store flatene i Bygland og Valle som ligg 200-300 moh.

Eldre jernalder - den kjende gardshistoria

Mange av dei eldste gardane - «opphavsgardane» - har namn og funn som tilseier at dei blei rydda eitt av dei første hundreåra etter at vår tidsrekning tok til.[6] Først måtte det skje ei grensetrekking mot grannedalane Sirdal og Fyresdal, der det òg budde folk. Desse grensene, «langstrengane», er sette saman av mange kortare strengar som går frå fjell til fjell. Dei følger i hovudsak vass-skilet. Etter kvart som det kom fleire bønder i same dalføret, måtte eigedomane fordelast endå meir. Då kom det kortare strengar som gjekk på tvers av dei gamle langstrengane. Om desse grensene på tvers i Valle gjekk over heile dalføret er ikke sikkert stadfesta. Men det er ikke umogeleg, skriv Leonhard Jansen, at heile Hylestad ein gong kan ha vore ein slik kjempegard.[7]

Seinare

Valle er, som resten av Setesdal, kjent for sin særpregede folkekultur, og mye av særpreget skyldes at dalen var vanskelig tilgjengelig. Ferdselsveiene gikk tidligere i fjellet, østover til Skagerrak gjennom Åmli, og vestover til Ryfylke. Det var først etterat Setesdalsbanen ble bygd til Evje at Valle fikk en naturlig forbindelse til Kristiansand.

Rygnestadtunet er et fredet gårdstun hvor våningshuset har tømmer fra 1200-tallet og hvor Rygnestadloftet fra 1590 utmerker seg som bygning. Anlegget er en del av Setesdalsmuseet og et mye besøkt turistmål om sommeren. Flere andre gårder har svært gamle hus, men mange bygninger er også solgt ut av dalen til oppkjøpere. Bygninger fra Valle er også å finne på Folkemuseet i Oslo.

Kjende personar med tilknytning til Valle

Personar frå Valle vert ofte kalla valldølar, personar frå Hylestad vert ofte kalla hylstringar.

Referansar

  1. Harald Flå (red.), Vandringer i Setesdal Vesthei, Friluftsforlaget 2008, s. 130
  2. Leonhard Jansen og Alfred Ryningen, Valle kommune VII, Kultursoge 1, utgjeve av Valle kommune, 1994, s. 15
  3. Leonhard Jansen, Dei første setesdølar, artikkel i Spor i Setesdalsjord, utgjeve av Aust-Agder fylkeskommune og Setesdalsmuseet, 2014, s. 25
  4. Spor i Setesdalsjord, s. 26
  5. Spor i Setesdalsjord, s.7
  6. Spor i Setesdalsjord, s. 26-27
  7. Spor i Setesdalsjord, s. 28

Eksterne lenker