Kommunevåpenet i Valle kommune
Hopp til navigering
Hopp til søk

Kommunevåpenet i Valle kommune vart godkjent ved Kongeleg resolusjon 11. mai 1984. Det er teikna av Daniel Rike frå Valle. Rike har også teikna kommunevåpenet til ei rekkje andre kommunar i landet.
Andreaskrossane er svært vanlege motiv i all heraldikk. For Valle kommune sin del er inspirasjonen henta frå gamal kyrkjedekor.
Hylestad stavkyrkje med dei kjende Hylestadportalane, stod i bygda. Andreaskrossane er også brukte som del av mønsteret i setesdalskufta.
Sjå også
- Kommunevåpenet i Bykle kommune
- Kommunevåpenet i Bygland kommune
- Kommunevåpenet i Evje og Hornnes kommune