Valle kommune

Valle er ein innlandskommune i Aust-Agder fylke. Valle ligg i Setesdal, og grensene i dalen går i sør mot Bygland kommune og i nord mot Bykle. I nord og aust ligg telemarkskommunane Tokke og Fyresdal, i vest ligg Sirdal i Vest-Agder. Grensene mot Telemark og Vest-Agder går i høgfjellet.
Noverande kommune vart til 1. januar 1962 ved at dei to små kommunane Valle og Hylestad vart slått saman. Valle kommune har vore med i Setesdal Regionråd frå regionrådet vart starta.
Geografi
Setesdal med elva Otra og riksvei 9 dannar ein akse i retning nord-sør gjennom Valle kommune. Langs denne aksen ligg den eldre busetnaden og dei to sentrene Valle og Rysstad.
På begge sider av dalen ligg store fjellvidder, Setesdal Vesthei og Setesdal Austhei. Den vestlege delen av kommunen er ein del av Setesdal Vesthei - Ryfylkeheiane Landskapsvernområde. Europas sørlegaste villreinstamme held til der.
Busetnad
Det er to sentrer i kommunen, Valle og Rysstad. Kommuneadministrasjonen ligg i Valle. Både Valle og Rysstad har butikkar og kyrkje, og på Rysstad ligg sentralbygget til Setesdalsmuseet. Likevel har korkjs Valle sentrum eller Rysstad folk nok til å vere ein tettstad etter SSB's formelle krav til ein tettstad; etter SSBs lister er det pr. 2006 ingen tettstader i Valle kommune.
Grender og gardar
Frå sør mot nord i den gamle Hylestad kommune ligg Besteland, Helle, Rysstad, Nomeland, Brokke og Uppstad på vestsida av elva og Straume, Bjørgum og Hovet på austsida. I Valle er Sandnes, Kveste, Tveiten, Valle, Tveitebø, Homme, Flateland og Rygnestad på austsida av elva, mens Bø, Åmlid, Nomeland, Øyne, Dale, Løyland og Røysland ligg på vestsida.
I kommunen er det to større hytteområder. Det eine ligg ved Store Bjørnevatn på austsida av dalføret, ved Fylkesveg 45 på vegen mot Dalen. Det andre ligg ved Furustøyl på vestsida av dalføret, i området Setesdal Vesthei, ved vegen til Sirdal.
Vannkraft
Vannkraft er ei viktig inntektskjelde for kommunene Valle og Bykle. Utbygginga av kraftverk i Valle starta på 1960-talet. Otra Kraft, som held til ved Brokke kraftverk på Nomeland, driv fleire kraftstasjoner i Setesdal. Det første kraftverket småkraftverkselskapet Småkraft bygde, var Bjørgum kraftverk.
Historie
Eldre steinalder
Noreg var dekka av is fram til for omlag 14 000 år sidan. Då kom fjella ved Lista og Lindesnes til syne. Kysten av Aust-Agder og Telemark var dekka av is til for rundt 11 000 år sidan [1]. Dei første menneska byrja å vandre i Setesdalsheiene for om lag 9000 år sidan. Jakt og fangst var dei viktigaste gjeremåla. Særleg gav reinen med faste, årlege trekkruter ei sikring av tilværet. Frå Setesdalsheiene er det registrert buplasser frå steinalderen som er over 7000 år gamle. Desse menneska var nok ikkje bufaste, men veidefolk på vandring[2].
Yngre steinalder
I yngre steinalder (3500-1800 f.Kr.) nådde jordbrukskulturen Setesdal[3]. Ved Straumsfjorden er det gjort arkeologiske undersøkingar som syner at det gjekk husdyr og beitte der 2600 år f. Kr. Så langt tilbake blei jordbruket trulig drive på nomadisk vis, med svedjebruk. Steinaldermenneska brant skogen, dyrka korn i 2-3 år, og flytta så til ein ny stad. Husdyra blei flytta frå beite til beite.
Bronsealder
Omfattande arkeologiske utgravingar på Moi i Bygland (2007) har dokumentert kontinuerlig busetnad i Setesdal heilt tilbake til yngre bronsealder (1100-500 f.Kr.)[4]. I boka skriv Leonhard Jansen at fast busetnad etter alt å døme kom først nede i dalføret, på dei store flatene i Bygland og Valle som ligg 200-300 moh.
Seinare
Valle er, som resten av Setesdal, kjent for sin særpregede folkekultur, og mye av særpreget skyldes at dalen var vanskelig tilgjengelig. Ferdselsveiene gikk tidligere i fjellet, østover til Skagerrak gjennom Åmli, og vestover til Ryfylke. Det var først etterat Setesdalsbanen ble bygd til Evje at Valle fikk en naturlig forbindelse til Kristiansand.
Rygnestadtunet er et fredet gårdstun hvor våningshuset har tømmer fra 1200-tallet og hvor Rygnestadloftet fra 1590 utmerker seg som bygning. Anlegget er en del av Setesdalsmuseet og et mye besøkt turistmål om sommeren. Flere andre gårder har svært gamle hus, men mange bygninger er også solgt ut av dalen til oppkjøpere. Bygninger fra Valle er også å finne på Folkemuseet i Oslo.
Kultur
Valle kommune er ein aktiv kulturkommune og sist på 1990-talet kom kommunen på andreplass i ei kåring av kulturkommunane i landet, bare etter Larvik. Frå midt på 1990-talet har kommunen delt ut Valle kommune sin kulturpris.
Dei siste åra har ein kvart år arrangert Kulturveka i Valle kvar haust i eit samarbeid mellom Valle kommune og Valle folkeakademi. Den startar som regel i samband med Sauesjået i Valle og har eit variert tilbod av kulturaktivitetar.
Dialekt
Valle er kjerneområde for setesdalsdialekten.
Folkedrakt

Drakttradisjonen knyttet til Setesdal har også sitt kjerneområde i Valle kommune. Setesdalsdrakten er en tradisjon som har gått direkte fra folkedrakt til bunad, og det betyr at det finnes god dokumentasjon av denne draktskikken.
Folkemusikk
Stev og kveding har tradisjoner i Valle, og i nyere tid er disse videreført bl.a. av Kirsten Bråten Berg.
Munnharpe er et viktig instrument i tradisjonen fra Valle, som har svært dyktige utøvere i Bjørgulv Straume og Sigurd Brokke. Felespilltradisjonene føres videre, bl.a. av Gunnar Stubseid og Hallvard T. Bjørgum
Sølvsmedhandverk
Sølvsmedhandverket har spesielle tradisjoner i Valle, og kommunens videregående skole har lenge vært den eneste skolen i landet med egen sølvsmedlinje.
Kulturminner
Valle er rik på faste kulturminner, både arkeologiske kulturminner og bygninger. Her er gravhauger fra jernalder og vikingtid og gårdsbebyggelse fra middeladeren til vår egen tid.
Når det gjelder løse kulturminner fra bondekulturen er Valle (og Setesdal) godt representert i nasjonale samlinger, f.eks. på Norsk Folkemuseum.
Setesdal i nasjonal kultur
Som et resultat av nasjonalromantikken kom mange kunstnere til å kaste sitt blikk mot Valle og Setesdal og la seg inspirere til ny kunstnerisk produksjon. Dette gjaldt bl.a. maleren Carl Sundt-Hansen og dikteren Hans Henrik Holm.
Tusenårssted
Kommunens tusenårssted er skoleområdet; Valle vgs, Valle skule, barnehagen og idrettshallen.
Verdens største munnharpe er kommunens tusenårsmonument.
Politikk
- Hovedartikkel: Politikk i Valle kommune
Valle kommune har i lange periodar hatt ordførar frå Senterpartiet. Ved valet i 2007 gjord Valle Høgre eit godt val og fekk både ordførar og varaordførar. Bjørgulv Sverdrup Lund er ordførar, Sigbjørg Ness er varaordførar i perioden 2007 til 2011.
Val i 2011
- Ap-lista i Valle 2011
- Høgrelista i Valle 2011
- KrF-lista i Valle 2011
- SP-lista i Valle 2011
- Venstrelista i Valle 2011
Kyrkjer og bedehus
-
Frikyrkja i Valle sentrumFoto: Siri Johannessen
-
Menighetshuset i Valle sentrumFoto: Siri Johannessen
-
Nomeland bedehusFoto: Siri Johannessen
Kjende personar med tilknytning til Valle
Personar frå Valle vert ofte kalla valldølar, personar frå Hylestad vert ofte kalla hylstringar.
- Kirsten Bråten Berg, sølvsmed og folkemusiker
- Hallvard T. Bjørgum, sølvsmed og spelemann
- Olav Bjørgum, billedkunstner
- Torleiv H. Bjørgum, sølvsmed og spelemann
- Sigurd Brokke, munnharpespelemann
- Kjetil Brottveit, forfatter
- Osmund Faremo, politiker og stortingsmann
- Paal-Helge Haugen, forfatter
- Haavard Hedde, folkevisefigur
- Birgit Rike Lund, folkemusiker
- Tarald Myrum, politiker
- Torbjørg Aamlid Paus, folkemusiker
- Gunnar T. Rysstad, politiker og dikter
- Aani Rysstad, politiker og stortingsmann
- August Schneider, kunstmaler, illustratør og folkeminnesamler
- Johannes Skar, lærer og folkeminnesamler
- Bjørgulv Straume, munnharpespelemann
- Gunnar Stubseid, spelemann
- Olav Knutsson Tveiten, Eidsvollsmann
- Harald Haugland, wikifant
Referansar
- ↑ Harald Flå (red.), Vandringer i Setesdal Vesthei, Friluftsforlaget 2008, s. 130
- ↑ Leonhard Jansen, Dei første setesdølar, artikkel i Spor i Setesdalsjord, utgjeve av Aust-Agder fylkeskommune og Setesdalsmuseet, 2014, s. 25
- ↑ Spor i Setesdalsjord, s. 26
- ↑ Spor i Setesdalsjord, s.7