Suleskar

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 21. mai 2018 kl. 09:10 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Fritidsbustader)
Hopp til navigering Hopp til søk
Suleskar 20. mai 2018.

Suleskar er ein gard (gnr. 1) langt nord i Sirdal. Bare nabogarden Ådneram ligg endå lenger nord. Høgda over havet på det øvste bruket er om lag 650 meter. I sør grensar garden til Fidjeland. I vest er nemnde Ådneram nabo. I nord grensar Suleskar først til Bratteland i Bykle. Vidare mot nord og aust går grensa mot gardar i Valle. Lenger sør er Brokke og Rysstad i Hylestad grannegardar. Brokke-Suleskarvegen går forbi garden.

Store deler av Suleskarheiene inngår i den svære statlege eigedomen Njardarheim.

Det har blitt bygd mange fritidsbustader i Suleskar dei seinare årtidene.

Historie

Ein veit at Suleskar var busett i 1611. Men garden kan ha vore busett før Svartedauden (1349/1350), for så å ha blitt lagt aude i lang tid. Garden ligg aude til, og er nok uansett ikkje mellom dei eldste i Sirdal.

Kjelder

Kart

Laster kart ...