Valle jordbruksklubb

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Torhild Sandnes er leiar i Valle jordbruksklubb frå 2025.

Valle jordbruksklubb vart stifta i 1930 og er truleg ein av dei eldste aktive jordbruksklubbane i landet. I januar 2020 feira dei 90-årsjubileum i Oveinang grendehus. Kvart år kårar dei vinnar av den beste kjøkkenhagen. Dei stiller også ut av «markens grøde» til hausttakkefesten i Valle kyrkje eller Hylestad kyrkje.

På årsmøtet i mars 2025 gjekk Lisbeth Dalquist Homme av som leiar etter 23 år i vervet. Torhild Sandnes er ny leiar. Åse Rike gjkk av som kasserar etter 28 år i vervet. [John Melhus]] er ny kasserar. Jon Ødeskaug var dommar sidan 1974, men er no gått bort. Andre medlemmer i klubben er Olav T. Åkre, Randi Gåserud Myrum, Liv Åkre Trydal, Malmfrid Nyborg Homme og Jorunn Åkre.

50-årsjubileum i 1980

Jubileumsfesten var i Valle samfunnshus 12. november 1980. På festen var det tale av Lars Liestøl, som synte lysbilete frå eige drivhus med tomatar og paprika. Hallvard P. Dale spelte fele og song og Margit K. Dale hadde gjettekonkurranse. Anne B. Homme, Torbjørg Kvasaker og Else Bø sine hagar vart premierte. Tre av dei som starta klubben, levde framleis: Jens Homme, Olav Brottveit og Torjus Åkre, som dessverre ikkje kunne vere med på festen.

Kjelder