Hylestad kyrkje
Hylestad kyrkje er kyrkje for Hylestad sokn i Valle prestegjeld i Otredal prosti under Agder og Telemark bispedømme i Den norske kyrkja. Kyrkja vart innvigd 30. juni 1839, og er truleg den tredje kyrkja i soknet. Ho er åttekanta, lafta, og tårnet er av vanleg reisverk. Byggmeister var Anders Torson Syrtveit (Anders «Kyrkjebyggjar») og sonen Olav, truleg med ein typeteikning av Linstow som førelegg. Talet på sitjeplassar har krympa frå 300 til 200, og to galleri.
På hausten 1900 vart ein ny kyrkjegard omlag 500 m søraust for kyrkja teken i bruk, på den ved kyrkja er det berre nokre få gravminne, i tillegg til to bautaer. Ein over brødrene Bjørgulv og Sigurd Gunnarsson Rysstad som mista livet i KZ-leirar under andre verdskrigen, og ein over diktaren og politikaren Gunnar T. Rysstad.
Det var open vegkyrkje her kvar sommar frå 1992 til 2005. Sidan har det ikkje vore vegkyrkje, men i sommarperioden står ofte kyrkja open.
Historie
Noverande kyrkje står på Rysstad, det gamle senteret i kommunen. Den første kyrkja, Hylestad stavkyrkje, vart riven i 1664[1], og langkyrkja som hadde overteke etter denne begynte å forfalle i 1830-åra. I 1834 slo sokneprest Dahl frampå om ein ikkje skulle byggja ei ny kyrkje på vestsida av Otra der den nye postvegen skulle koma, og i 1838 vart kyrkja riven. Mykje av ho vart seld innan sokna. Bland dei store delane som reiste med til den nye kyrkja var altertavla, gravsteinane som vart lagde i kykjegardsmuren som dei frakta på isen over Otra om vetteren, og den gamle portalen. Den er sett opp ut mot Riksveg 9, og ein ny portal vender ut mot parkeringsplassen vest for kyrkja.
Signe O. Bjørgum (1828- d. Evje?) fortalde kring 1920 til Jon Løyland at ungane leita etter ting kyrkjefolket måtte ha mista i tuftene etter dei to gamle kyrkjene på Bjørgum, og at bygdefolket likte at kyrkja var flutt til vestsida så dei slapp all roinga.[2] I 1901 fekk kyrkja ei ny klokke frå Olsen-Nauen klokkestøperi, og i 1953 elektrisk straum og omnar under benkane.
Interiør og inventar
I våpenhuset er to trapper opp til det u-forma galleriet der ungdomane brukte sitte under messa, ei på nordsida og ei på sørsida. Karane sat på sørsida, og jentene på nord, nett som nede i kyrkjeskipet.
På kvar sin side av døra inn til kyrkjeskipet står kopiar av sideplankane i Hylestadportal I med scener frå soga om Sigurd Fåvnesbane. Dei er skorne i furetre på et vis som fekk kunsthistorikaren Anders Bugge til å tenkje på illustrasjonar i illuminerte bøker frå middelalderen. I nykyrkja frå omlag 1665 stod denne portalen i koret, og då kyrkja vart riven i 1838 kom han til Dreng Olsson Rike. Der var portalen fram til 1867 då han selde han til Oldsakssamlinga. Den andre portalen er utsmykka med drager og ranker, der rankene er skorne i spiralar som minna Bugge om gamal irsk ornamentering. I nykyrkja stod han på innsida av inngangsdøra, og då kyrkja vart riven i 1838 kom han til Daniel Torleivsson Straume. I 1876 gjekk han vidare til Oldsaksamlinga. Kvaliteten på desse portalane er så høg at dei har gjeve namn til ei eigen gruppe i mellomalderkunsten – Hylestad-gruppa. Det er nokre få portalar til som reknas til denne gruppa, frå Austad i Bygland og Vegusdal, men og frå ei av kyrkjene i Valle finst det restar etter ein portal på eit lopt i Fureteig i Bø.
Inne i kyrkjerommet er det tydeleg at det er ein lafta bygning. Benkane er i 2022 kvitmåla og merka med kvar gard sitt namn. Dørene inn til benkane vart fjerna i 1901, og ein av desse skal framleis vere på Aust-Agder Museum. Altarringen og det skinnkledde knefallet ligg to trinn høgare enn kyrkjeskipet. I «knekken» på sørsida er preikestolen satt opp, med klokkarstolen like bak. På nordstida står døypefonten i tre, eit piano og stol for prest og medhjelpar. Koret er skild frå kyrkjeskipet med ein korskranke. Bak altaret er sakristiet.
Fram til jubileet i 1938 var det ein kalk som alle drakk frå til nattverden, men kyrkja fekk då 32 særkalkar og ei ause i sylv av den utflutte læraren Knut Helle og kona hans.
Forsvunne element
I preikestolen vart nokre fjøler med måla englebilete frå gamlekyrkja nytta, desse vart i 1938 sende til Oslo for restaurering og forsvann. Ein god del materialer frå gamlekyrkja er gjenbruka i tårnet og takkonstruksjonen. Riksantikvaren meiner at fleire 30 cm breie bord med profilar kan vere gamle takbord, og at andre bord og bjelkar har vore bruka før.
Kunst
Altertavla er måla av Ole Chr. Neuwerth frå Kristiansand, og ble gitt til den førre kyrkja i 1781. Nedre halvdel viser nattverden, det skal vere måla etter eit stikk av Boëtius Adamszoon frå Bolswert, og det er i sin tur ein kopi av eit måleri av Peter Paul Rubens frå 1632. Den øvre delen syner krossfestinga. Omramminga er skoren av Olav T. Berg (1805-1859) til den nye kyrkja, og i toppfeltet er ei åtte-tagga stjerne med strålespiler. Neuwerth sin signatur er i nedre venstre hjørne, medan ein tekst i nedre høyre hjørnet fortel om givaren:
- «Tarie Olsen Biørgum Har Skienket dene Altertavle til Guds ære og Hyllestad Kierkes ziir Anno 1781.»
Dei to andre måleria er gåver frå Aase og Gudbrand Askvig som kyrkja fekk i gåve omlag 1939 då kyrkja var 100 år. Ved preikestolen heng «Nedtagelsen» i ei gylt ramme. Det er måla på lerret, men har ikkje årstal eller signatur. Heilt framme på kvinnesida (venstre) heng «Maria med Jesusbarnet», og i ei gylt ramme. Som «Nedtagelsen» er og dette måla på lerret, utan årstal og signatur. NIKU skriv i sin rapport at det truleg er ein kopi av eit førebels (2018) ukjend italiensk måleri. I same rapporten står det mellom anna og:
- «Ut fra stil på maleri er det grunn til å tro at det er malt på slutten av 1700- begynnelsen av 1800-tallet.»[3]
Galleriet og orgelet
Midt på, over inngangsdøra, står orgelet. Det er bygd av Brødrene Torkildsens Orgelbyggeri i Åsen (Trøndelag) i 1991, og har opusnummer 140. Orgelet er mekanisk med eit manual og pedal og ti registre. Dette er det andre orgelet i kyrkja, det fyrste vart gjeve som gåve i samanhang med 100-årsjubileet i 1939. Det var eit trøorgel, eit Chicago Cottage som hadde kosta gjevaren Gudbrand Askvig 1080 kroner. Han kosta og utbedringsarbeid og måling inne og ute til jubileet, i tillegg til dei nemnde måleria.
Bibliografi
- Austad, Aasulv: Hylestad kyrkje - Festskrift til 100-års jubileet 25. juni 1939.
Referanser
Kjelder
- Br. Torkildsens Orgelbyggeris opusliste. Orgelet har nr. 140.
- Bugge, Anders: Norske stavkirker, s. 40-41. Utg. Dreyer. 1953. På Nasjonalbiblioteket.
- Hylestad kyrkje 150 år. ISBN 82-991855-0-5 Utgjeve av Hylestad sokneråd 1989. På Nasjonalbiblioteket
- Kyrkjelyden si brosjyre om kyrkja. Sett 13. august 2022.
- Muri, Sigurd: Norske kyrkjer, s. 126-7. Utg. Samlaget. 1971. På Nasjonalbiblioteket.
- NIKU Oppdragsrapport 19/2018 for Valle og Hylestad kirker (nedlastbar pdf).
Kyrkjer og forsamlingshus i Valle kommune | ||
Hylestad kyrkje · Valle kyrkje | ||
Broderheimen bedehus · Oveinang grendehus · Nomeland bedehus · Valle menighetshus | ||
Fjellro grendehus på Hovet · Gardane grendehus på Brokke · Hylestad soknehus Treungen grendehus på Helle · Homme og Tveitebø grendehus |