Valle Radios blogg

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Valle Radios blogg er ein blogg som Harald Haugland skriv. Han starta bloggen i oktober 2005 for å støtte opp om Valle Radio sine program i den tida radioen ikkje hadde sending. Ettersom Valle Radio bare har sending tysdagar og onsdagar, kunne det vere aktuelt å kommentere ting som hadde vore tekne opp i sendingane og gje folk som ikkje hadde høyrt programma, høve til å kunne lese litt om det som hadde vore omtalt. Dei fleste programoversyna er difor lagde ut på bloggen, gjerne med taggen program. Og bloggpostane prøver å knytte til stoff som har vore omtalt i Valle Radio, sjølv om det av og til kjem innlegg som er meir prega av det forfattaren opplever enn av program i Valle Radio. Det gjeld særleg i sommarperioden, då det ikkje er sendingar i radioen.

Statistikk

For det meste skriv Harald Haugland eit innlegg kvar dag, i snitt er det nærare 100 som les bloggen, sjølv om det bare er 21 som abonnerer på han som e-post og får melding i sin epostkasse når det er kome eit nytt innlegg. Til saman er det pr. 23. mai 2011 skrive 2555 innlegg på bloggen og det hadde vore over 505.000 pageviews den same datoen.

Siste innlegg på bloggen

I Mandal arrangerer Musikkens Venner av og til konsertar, og i kveld var musikarane Margrete Moen Birkedal og Torunn Irene Moen Kristiansen saman med Eva Landro i kyrkja med eit program dei hadde kal… —  11. mars 2025
Overskrifta på bloggen i kveld er tittelen på ei bok eg har lese dei siste dagane. Den var lett å lese, delt inn i 35 kapittel og ein epilog, 337 sider til saman, og kvart kapittel har små underavsni… —  09. mars 2025
Medan eg ser på TV at det snør når dei går på ski i VM i Granåsen i Trondheim, kan eg sjå ut vinduet der det er vårleg og tørr veg. Norge er eit langt land, så det blir ulike tilhøve. I vest høljar d… —  04. mars 2025
For ei tid tilbake fekk eg innkalling til kontroll på sjukehuset, og i dag var tida komen. Eg skulle vere der klokka 10.30, men med tanke på dei lange gangane på sjukehuset i Kristiansand, la vi av g… —  10. februar 2025
I går skreiv eg om spam. Siri skreiv eit innlegg om at det var maskingenererte kontoar som vart oppretta for å kunne legge inn uønska stoff, og at Geir hadde gjort ein stor jobb for å blokkere slikt.… —  21. januar 2025
Det har blitt lite skriving på bloggen i det siste. Ein grunn har vore at eg fekk omgangssjuke og mista mykje skrivelyst etter det. Men i kveld må eg skrive nokre ord og fortelje at Setesdalswiki har… —  19. januar 2025

Eksterne lenker