Valborg Hauan

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Valborg Hauan
Født: 1. desember 1942
Død: 6. februar 2026 (83 år)

Valborg Marie Hauan (fødd 1942) var rektor på Evje barneskule til skulen slutta sommaren 2010. Då hadde ho arbeidd ved skulen i 46 år. Ho kom som nyutdanna lærar til Evje barneskule i 1964. I perioden har ho teke vidareutdanning i KRL-faget og i skuleleiing. Frå 1998 hadde ho leiaroppgåver ved skulen, anten som undervisningsinspektør eller som rektor.

I tillegg til å vere lærar har ho hatt eit stort engasjement innan kyrkje og kristenliv i kommunen og regionalt. Ho har mellom anna vore leiar for styret i Agder region av Det Norske Misjonsselskap. Ho har vore aktiv i etableringa av NMS GjenbrukEvje.

Valborg Hauan etterlet seg barna Marianne Hauan og Knut Albert Hauan, svigerbarn, barnebarn og øvrig familie. Gravferda var frå Evje kyrkje fredag 13. februar 2026 klokka 13.

Heider

Kjelde