NMS Gjenbruk

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
NMS Gjenbruk 7. mai 2018.

NMS Gjenbruk blei opna onsdag 1. november 2006.[1] Butikken ligg i dag på Verksmoen i Evje, i same bygget som Setesdalstrykk. Tidlegare var butikken i same hus som Evje og Hornnes bibliotek rett i nærleiken. Før det igjen hadde dei halde til i bygget Heimtun i Evje sentrum frå starten. Men dei måtte finne nye lokaler, då det huset blei reve i 2011. 23. september 2021 gjenopna butikken etter ei omfattande oppussing og ominnreiing.

Butikken er ein av 40 butikkar som Det Norske Misjonsselskap står bak. Dei sel brukte saker til inntekt for misjon og bistand i fire verdsdelar, og er lyspunkt og samlingsstad for både frivillige og kundar. På Evje står ein stab på om lag 20 frivillige for drifta med Valborg Hauan i spissen. Butikken tek imot møbler, lampar, speglar og bilete, servise og kjøkkenutstyr, leiker og sportsutstyr. Dei har og ei hylle med bøker. Det kostar ikkje noko å levere brukte gjenstander hos NMS Gjenbruk, men det dei tek imot, må vere råd å selje att. Mange hyttefolk besøker butikken, så tidvis får dei gjenstander frå andre butikkar om dei ikkje får inn nok frå lokalt hald.

Åpningstider:

  • Tirsdag 1100 - 1600
  • Onsdag 1100 - 1600
  • Torsdag 1100 - 1600
  • Fredag 1100 - 1800
  • Lørdag 1000 - 1400

Referanser

  1. Gjenbruksbutikk nr. 6 i Agder åpnet på Evje. Artikkel i NMS Agder nr. 6, 2006 side 1

Kjelder

Eksterne lenker