Tungefoss kraftverk

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Tungefoss kraftstasjon med den tørrlagde Tungefossen bak t.v. i biletet.

Tungefoss kraftverk var eit kraftverk i Mandalselva, nord for Øvre Homme i Bjelland i Marnardal, rett sør for Sveindal i Audnedal, frå 1918 til 1974. Kraftverket utnytta fallet i Tungefoss. Det vart bygd for å gje straum til gruvedrift i Undalens molybdengruverØvre Flottorp i Grindheim i Audnedal. Men gruveselskapet vart oppløyst alt i 1920. Kraftverket vart lagt ned då Bjelland kraftverk vart opna i 1974.

Øvingskraftverk

I 2016 vart kraftverket gjenopna som øvingskraftverk for elevar som tek elektroutdanning ved Byremo vidaregåande skule.

Kjelder

Eksterne lenker