Bjelland kraftverk
		
		
		
		
		
		Hopp til navigering
		Hopp til søk
		 
  
		
	
 
  Bjelland kraftverk 2016. 
Foto: Geir Daasvatn  
Bjelland kraftverk er eit kraftverk i Mandalselva i Marnardal i Vest-Agder. Det utnyttar eit fall i elva på 87,5 meter, der vatnet blir ført i ein 5812 meter lang tunnel gjennom fjellet frå Tungefoss til kraftstasjonen rett nord for Bjelland sentrum. Stasjonen har to aggregat, og leverer 312 GWh i året til eigaren Agder Energi. Det tilsvarar årsforbruket til ca. 15.600 husstandar. Kraftverket blei bygd i 1974.
