Trym Bjønnes
Trym Bjønnes![]() | ||
---|---|---|
![]() | ||
Foto: Ave Granli Johnsen
| ||
Født: | 15. november 1981 (43 år) |
Trym Bjønnes (fødd 15. november 1981) er freelance musikar, komponist og artist frå Bykle kommune. Han gjekk på Hovden vidaregåande skule frå 1997 til 2000 og året etter på Dahlske Videregående Skole, Grimstad (Allmennfag). Medan han gjekk på Hovden, rakk han eit år som AFS-utvekslingsstudent i Panama. Etter vidaregåande skule var han frå 2001-2003 på Bårdar Akademiet, Musikkteaterlinje 1 & 2, Oslo og deretter 2003-2006 på Liverpool Institute for Performing Arts, der han fekk graden «Bachelor of Arts, with honours».
Frå 2006 til 2011 har han så vore frilans artist, musikar, komponist og arrangør. Han har gjort en rekke konserter som soloartist og med gruppa Fjellfolk og duoen Meeq. Han er også gitarist/arrangør for Kim André Rysstad. Ved sida av jobben som frilans musikar driv han og Studio Lislestog i Bykle.
Twitterturné
I 2011 gjennomførte han ein «twitterturné» med 98 gratiskonsertar på seks dagar rundt om i Norge. Av desse var 28 konsertar i Oslo gjennomført på 24 timar. For dette vart han nominert til «Årets Innovatør 2011» i Spellemannsprisen.
Utvalde engasjement
- 2021: Plateinnspeling med Kim Andre Rysstad – Gitar & Weisenborn på Or Setesdal
- 2011: Plateinnspeling med Kim Andre Rysstad – Gitarist, låtskriver og arrangør på Vegen
- 2011: «Kim Andre Rysstad» – Kulturhusturné i regi av Rikskonsertane (RK), hausten 2011.
- 2011: «Små Øyeblix» – Teater/konsert – Musiker, komponist og arrangør.
- 2008-2011: «Rafiki» – RK, ca 250 U-skolekonserter i Rogaland, Hordaland og Oslo
- 2009: «Hele Norge synger» – RK, norgesturne med Bobby McFerrin
- 2009: «Heiemo & Nykkjen» – Komponist/Musiker - Familieforestilling
- 2009: «Hele Norge Synger» - Vokalist/Workshopleder på «Samspel», Stavanger
- 2008: «Kultur for Kultursupportere» - Soloartist, årskontrakt event - Stavanger 2008
- 2008: Hovdenrevyen 2008 – Musikalsk leder/kapellmester, Bykle
- 2008: «Levende» – Project Bandaloop/Stavanger 2008 - Vokal/Gitar – Gloppedalen
- 2008: «Bia Baane» - Stavanger 2008 – Vokal/Gitar/Tangenter/Arr.
- 2008: «Butti49-LIVE» – Vokalist – Miniturné med livetolkning av albumet «The Habit»
- 2008: «Kuvenninnene» (Animasjonsfilm) - DKS Rogaland – Komponist/Lydproduksjon
- 2008: «Sikiamoyo» – RK - Vokal/Gitar/Dans – U-skoleturné, Rogaland
- 2007: Hovdenrevyen 2007 – Musikalsk leder/Kapellmester, Bykle
- 2007: Heiemo & Nykkjen – Komponist/Musiker – Familieforestilling
- 2002: «Draumen om Narnia» – Hovedrolle - Det Norske Teateret
- 2002: «Jesus Christ Superstar» – Ensemblerolle - Fjæreheia, Agder Teater
Diskografi
- In the first place 2012
Kjelde
- Opplysningar frå tilsendt CV 7. november 2011
- Totalt tal på konsertar sendt i ei twittermedling 12. januar 2012.