Å Energi

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Logoen til det nye konsernet.

Å Energi er eit kraftkonsern, med verksemd i heile verdikjeda frå produksjon til forbrukar. Hovudvekta av verksemda er konsentrert til Agder og Buskerud. Konsernet er ei samanslåing av dei tidlegare verksemdene Agder Energi og Glitre Energi, som blei formelt gjennomført ved ein fusjon i november 2022. Konsernsjef er Steffen Syvertsen. Å Energi er eigd av eit kommunalt eigarfellesskap av kommunar i Agder og Buskerud (ca. 67 % eigarandel), i tillegg til Statkraft (ca 33 % eigarandel).

Vasskraft er fundamentet i verksemda. Denne delen vil omfatte ein årleg produksjon på rundt 11,3 TWh frå 72 heil- og deleigde kraftverk. Å Energi er også Norges nest største nettselskap, med eit over 30 000 kilometer langt kraftnett som distribuerer kraft til om lag 310 000 nettkunder i Buskerud og på Agder.

Selskapet vil forvalte og handle med meir enn 30 TWh kraft i Norden, og bli Norges største selskap innan straumsal til bedrifter og ha over 200 000 straumkundar i privatmarknaden.

Kjelder

Eksterne lenker