Hopp til innhald

Tryland kraftverk

Frå Setesdalswiki
Tryland kraftstasjon 29. september 2026.

Tryland kraftverk er et vasskraftverk på Tryland i Lindesnes kommune i Agder.

Kraftverket utnyttar eit fall på 132 meter frå Aklandstjørn. Tjønna fungerer som inntaksmagasin og det er tre større reguleringsmagasin knytta til kraftverket: Sundsvatn (331,02 moh.), Eptevatn (231,92 moh.) og Lelandsvatn (195,79 moh.). Magasina har eit samla volum på 27,5 mill. m³. Vatnet kjem i ei 375 meter lang røyrgate frå inntaket til kraftstasjonen. Etter at det er brukt i kraftverket renn det ut i Audna.

Produksjonen starta i februar 1922. Det skjedde ei ombygging av kraftverket i 2008. Årleg produksjon er 32,6 GWh som gjev straum til 2 000 bustader. Installert effekt er 5 MW som kjem frå eitt aggregat.

Kraftstasjonen er ein monumental bygning teikna av arkitektane Helberg og Dahl. I 2009 og 2010 blei kraftverket restaurert og delvis tilbakeført til slik det såg ut då det var nytt. Dører, vindaugo og pynt på toppen av dei to små taka er nå slik dei såg ut då bygningen var ny.

Kraftverket er eigd av Å Energi.

Kjelder

Eksterne lenker