Hopp til innhald

Tonstad kraftverk

Frå Setesdalswiki
Løpehjulet til ein francisturbin som stod i Tonstad kraftverk 1968–1984. Det står no utstilt ved Nomeland kraftverk i Iveland.

Tonstad kraftverk er eit vasskraftverk på Tonstad i Sirdal kommune i Agder. Delar av reguleringsområdet ligg i kommunane Bygland og Kvinesdal. Kraftverket er eigd av Sira-Kvina Kraftselskap, og er ein del av den omfattande Sira-Kvina-utbygginga.

Kraftstasjonen ligg om lag 750 m inne i fjellet på Tonstad. Målt i produksjon er det Noregs største kraftverk, medan Kvilldal kraftverk er størst etter installert effekt. Samla effekt er 960 MW, fordelt på fem aggregat, og normal årsproduksjon er på om lag 3,8 TWh.

Kjelder

Eksterne lenker