Tannlegedekning i Setesdal

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Tannlegedekning i Setesdal har vore noko ujamn opp gjennom åra. Alle tannlegekontora i fylket er underlagt fylkestannlegen i Aust-Agder, Jan Ask.

Setesdal

Alle kommunane i Setesdal har tannlegekontor, men dei er ikkje bemanna med tannlege kvar dag. Utanom tannlegane jobbar tannlegesekretærar og administrasjon.

Bykle

Stein Andresen jobbar 40 prosent i Bykle. Tannhelsesekretærane Torunn Andresen og Tove Liestøl jobbar også der.

Valle

Gudmund Åkre slutta i 2006, og det kom ikkje fast tannlege att i Valle før i 2010, då Catrine Brevik begynte i full stilling. Tannhelsesekretær Anna Besteland har jobba på kontoret i 11 år og tannhelsesekretær Anne Uppstad Nomeland har jobba i 35 år, dei fyrste 20 åra i deltidsstilling.

Bygland

Bygland tannklinikk har ope bare ein dag i veka, tysdag. Det er tannklinikken på Evje, med tannlege Lill Terese Indridadottir og tannhelsesekretær Anne Siv Dukan som har ansvaret for kontoret i Bygland.

Evje og Hornnes

I Evje og Hornnes kommune deler to tannlegar, ei stilling, og det er ei stilling ledig. Tannlegar her har vore Kåre Djupesland, Svein Rosenberg og Lill Terese Indridadottir. Kontoret har tannpleiar Anette Syvertsen i full stilling. Klinikkleiar er Anne Siv Dukan, og tannhelsesekretærane Anne Berit Hodne og Tone Svenning jobbar også på kontoret.

Iveland

Tannlege Anita Haugstad kjem ein dag i veka, fredag, til Iveland. Tannhelsesekretær Anne Berit Hodne er då med henne.

Kjelde

Eksterne lenker