Hopp til innhald

Storevassdammen

Frå Setesdalswiki
Storevassdammen.
Foto: Martin NH/Wikipedia

Storevassdammen er ein steinfyllingsdam med tetningskjerne av asfalt. Han ligg i Bykle kommune. Han demmer opp Storvatn-delen av kraftmagasinet Blåsjø mot sør-aust, og er ein del av Ulla-Førre-reguleringa. Med eit volum på 9,7 mill. m³ er dette den største fyllingsdammen i Norge. Damkrona er 1,4 km lang, og på det høgaste er dammen 90 meter høg. Den største breidda i botnen er 300 meter.

Det går asfaltert anleggsveg, Blåsjøvegen, frå Fv-632 ved Hovestølen i Suldal inn i fjellheimen til Blåsjø og Storevassdammen.

Dammen ligg i Steinbuskardet-Hisdal biotopverneområde. Då dammen vart bygd, grov dei ned ein drivstofftank i den. Når tanken rustar, lekk diesel ut i vassdraget. Arbeidsutvalet i verneområdestyret for Setesdal Vesthei - Ryfylkeheiane Landskapsvernområde gav i mai 2025 Statkraft Energi løyve til motorferdsel i området for å fjerne tanken i seks veker frå 15. august 2025.

Kjelder