SommarCamp 2018 - ein suksess
SommarCamp 2018 – ein suksess var ein artikkel som Harald von Krogh Alfstad, ungdomsarbeidar og initiativtakar/gjennomfører av SommarCamp i Bykle kommune, hadde i Setesdølen nr. 64, 2018 side 6.
SommarCamp 2018 – ein suksess
I perioden 8. august 2018 – 10. august 2018 blei SommarCamp 2018 gjennomført. Og det med stor suksess. Over 30 ungar i alderen 10 til 16 år i frå Bykle og Hovden var i aktivitet.
SommarCamp 2018 er første aktivitescamp i sitt slag. Konseptet er basert på ei lita veke med aktivitetar for dei unge i Bykle kommune. Fellesferien er over for dei fleste i veke 32, og da er konseptet SommarCamp basert på at ungdomsarbeidar i Bykle kommune arrangerer ei aktivitetsveke for ungane som er heime når dei føresatte er tilbake på jobb. Alle i alderen 10 til 18 år har fått mogleighet til å vere med. Og det blei topp oppmøte.
Tre dagar
Over 30 ungar har delteke i ein eller fleire aktivitetar. Totalt har vi hatt nær 80 deltakingar på den tre dagar lange aktivitetscampen.
Tidleg i forrige skuleår blei det bestemt at SommarCamp 2018 skulle ta form. Ungane har sjølv vore med på å lage utvalet av aktivitetar. Gjennom hyggelege samtalar på klubbkveldar i vinter har vi kommet frem til at dei ønska aktivitetar som paintball, downhill sykling, hestedag, gardsdag, golf og Lan.
Lii Gard
Sjølve SommarCampen har vore gjennomført på fleire stader i bygda. På Lii Gard har Kari Nomeland-Strømsøe og Tobias Nomeland-Strømsøe teke imot til saman over 40 ungar fordelt på tre dagar. Og ungane har vore superhappy med innhaldet. Dei har fått vere med på stell av dyra på garden, mata dei og dei har ridd på hestane. Ungane er unisont enige om at dette skal vi gjere igjen sommaren 2019!
Golf
Hovden golfklubb og Grete Breivik tok imot syv ungar og ga dei ei innføring i golfens mange mysterium. Dei har storkosa seg. Fleire har vore på drivingrangen og i etterkant for å slå gamle rekordar med gode svingar.
Hovden Aktiv tok i mot over 30 ungar og gjennomførte paintball og downhillsykling. I skog og kratt kjempa dei seg gjennom fiendens liner i jakta på eit treff med sine malingskuler. I utforen fekk dei og smake på naturens krefter. Mange fekk og smake på eit fall eller to. Men tøffe som dei er, så reiste dei seg opp att og fullførte fleire utforløp på kule dempa syklar.
Alt i alt har dette vore ei knall veke. SommarCamp er komme for å bli.