Skutesteinen

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Skutesteinen er ei kjempestor steinblokk i høgfjellet ved Storheddervatnet i Breiveheiene i Bykle. Blokka ligg i opent lende, omlag 30 meter utanfor Storhedder som har gitt namn til området.

På austsida har Skutesteinen kraftig overheng. Her er det utraste restar etter ein steinmur. Under overhenget er det ei eineståande samling av 17 runeinnskrifter saman med andre strekteikningar, verneteikn og symbol. Kjennarar meiner at dei eldste innskriftene kan tidfestast til 1100- og 1200-talet. Ei av dei har fått denne tydinga: «Eg ville (gjerne) velje den møya som er fagrast i verda». Hovedtyngda av teikningane syner reinsdyr, men den mest sentrale figuren framstiller ein bogeskyttar. Runeinnskriftene og teikningane dokumenterer at det må ha vore ein omfattande jaktaktivitet i området minst frå høgmiddelalderen.

Kjelder

Kart

Laster kart...