Skutåna

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Eit lite fossefall i Skutåna.
Den gamle stemmen i elva.
Foto: Geir Daasvatn
Skutåna med brukar etter den gamle Postvegen.
Foto: Geir Daasvatn

Skutåna er ei lita elv ved Lislevand, aust i Evje og Hornnes. Ho renn ut av Hovvatn på heia rett sør for Himmelsyna og sørover til Hovlandsåna i Hovlandsdalen. Ho er såleis ein del av Uldalsvassdraget, ei sidegrein til Tovdalselva. Elva er om lag 3,9 kilometer lang.

I den nedre delen av elva, kort før ho renn under Fv-42 og ut i Hovlandsåna, er det ein godt bevart steindam frå tidleg på 1900-talet. Stemmen demde opp bekken, og vatnet blei brukt til å drive ei sag som tilhøyrde to av bruka på Lislevand. Saga skal ha vore i bruk fram mot andre verdskrigen. På nedsida (sørsida) av Fv-42 kan ein også sjå brukara etter brua som den gamle Postvegen frå 1840-talet gjekk over her.

Kjelder

Kart

Laster kart ...