Hovlandsdalen


Hovlandsdalen er eit lite dalføre som ligg «på tvers» (aust-vest) i landskapet mellom Lislevatnet heilt aust i Evje og Hornnes kommune og Vågsdalsfjorden i Vegusdal heilt aust i Birkenes kommune, mot grensa til Mykland i Froland kommune.
Heielandskap
Landskapet på begge sider av dalen er typiske heiestrekningar med mykje snaufjell, myrar, vatn og lite skog. Gjennom Hovlandsdalen renn Hovlandsåna som kjem frå Høvringsvatn heilt nord-aust i Evje og Hornnes og munnar ut i Vågsdalsfjorden. I dalen ligg fleire gardar, mellom anna Lislevand, Øygarden, Myklebostad, Tveit, Ljosland og Hovland i Evje og Hornnes og Skåre, Flateland, Vågsdalen, Breisåsen og Vegusdal i Birkenes.
Fylkesveg 42
Fylkesveg 42 mellom Evje og Arendal går gjennom dalen. Her låg også den siste delen av dette vegsambandet som ennå ikkje hadde fått «gul midtstripe». Men i 2018 starta eit svært arbeid med å utvide vegstrekninga mellom Tveit i Vegusdal og Lislevand i Evje og Hornnes. Arbeidet fortsette i 2019. I november 2019 vart strekninga offisielt opna. Då gjenstod bare å legge eit slitelag med asfalt våren 2020.
Overføring til Evje og Hornnes

Etter innbyggjarinitiativ i 2015 var det søkt om overføring av Hovlandsdalen/«Gamle Nygard krets» frå Birkenes kommune til Evje og Hornnes kommune. Fylkesmannen i Aust- og Vest-Agder traff i mars 2018 vedtak om slik overføring, med verknad frå 1. januar 2019.
Kjelder
- Olav Kristian Nygaard og Jens Vellene, Vegusdal og Vegdølane, kapittel 1 i Vegusdal - Kultursoge, utgjeve av Vegusdal bygdesogenemnd, 2002, side 7-14
- Om overføring av Hovlandsdalen til Evje og Hornnes på nettsida til Fylkesmannen i Aust- og Vest-Agder
- Om vedtak om overføring av Hovlandsdalen fra Birkenes til Evje og Hornnes på nettsida til Fylkesmannen i Aust- og Vest-Agder
- Artikkel om overføring av Hovlandsdalen til Evje og Hornnes kommune på heimesida til kommunen