Mykland
Mykland er ei bygd og ein tidlegare kommune i Aust-Agder, som frå 1967 er ein del av Froland kommune. Namnet stammar frå garden Mykland, som ligg i området ved Mykland kyrkjebygd. Mykland grensar til Evje og Hornnes heilt i vest, der kommunegrensene for Evje og Hornnes og Froland møtast nær toppen av Himmelsyna. Lenger nord grensar Mykland også til Bygland. Arealet er om lag 300 kvadratkilometer.
Mykland sentrum ligg ved Fylkesveg 42 mellom Evje og Arendal.
Folketal
Folketalet i Mykland blei rekna til 414 menneske i 1665. Frå byrjinga av 1800-talet fram til andre verdskrigen auka det til det doble. I etterkrigstida skjedde ein dramatisk nedgang. I 2008 budde det 337 menneske i Mykland, færre enn ved den første teljinga i 1665.
Historie
Mykland er ei ganske typisk innlandsbygd på Agder. Frå gamalt av høyrde ho administrativt til Råbyggelaget, der også Setesdal høyrde heime. Frå minst 1500-talet har bygda vore eige kyrkjesokn, og i tida 1877–1967 var ho eige herad. På 1500- og 1600-talet bar bygda namnet «Vegusdal østen Sundet», som tyda Vegusdal aust for Vågsdalsfjorden. Etter at bygda fekk eiga kyrke i 1683, og kyrka vart lagt til garden Mykland, blei namnet Mykland litt etter litt innarbeidd.
Kjelder
- Kart på nettsida til Statens Kartverk
- Norges Bebyggelse, herredsbindet for Aust-Agder, vestre del, Trondheim 1956, side 680-690
- Knut Mykland, Mykland. Ei bygd i Råbygdelaget. Gard, ætt, grend I, utgjeve av Mykland bygdeboknemnd, side 9–107
- Knut Mykland, Myklands historie. Kultursoga til 1832, 1998, side 9 (historie)
- Vigleik Frigstad, Svend Lauvrak og Magne Risdal, Myklands historie. Kultursoga 1832–2009, utgjeve av Mykland Bygdesogenemnd, 2009, side 9 (folketal)
Eksterne lenker
- Artikkelen om Mykland på Wikipedia, besøkt 1. januar 2024
- Artikkelen om Mykland på snl.no (Store Norske Leksikon)