Skarberg (Bratteland)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Skarberg er eit småbruk (Bykle gnr 9 bnr 3) på garden Bratteland på nordsida av Botsvatn i Botnen i Nordbygdi i Bykle. Torleiv Olsson Røysland (1788, d. 1866) var den første til å rydde og bygge her. Han var gift med Ingebjørg Mikkelsdotter Bratteland (f. 1799, d. 1869) frå Bratteland og dei fekk lov til å rydde seg eit bruk under heimgarden hennar. Etter 1909 har det ikkje budd folk på Skarberg.
Kjelder
- Aanund Olsnes, Heimar og folk i Bykle, band III, utgjeve av Bykle kommune, 2006, side 92–99
- Eivind Bratteland, Dysjesoga, eige forlag, 2018, side 33
- Alfred Ryningen/Folke Nesland, Stadnamn i Botnen. Gnr. 7, 8, 9, manuskript, 1996, attgjeve av Eivind Bratteland i Dysjesoga, 2018, side 339–346