Hopp til innhald

Sesilåmi 1978

Frå Setesdalswiki

Sesilåmi 1978 var eit turløp på ski som blei arrangert mellom Brokke i Setesdal og Sinnes i Sirdal søndag 12. mars 1978. Det var tredje gongen rennet blei arrangert. Vinnarar for tredje år på rad var Ånund Eldhuset, IL Skogguten, 2.50.51, og Torunn Havrevold, Suldal IL, 3.53.38. Havrevold blei den første kvinna under fire timar. Mannen hennar, Sveinung Havrevold, Suldal IL, blei nr. 2 i herreklassa. Rennleiar var nok ein gong Rolv Lea, Stavanger. Mellom 2200 og 2300 løparar var påmeldt i rennet. Over 1700 stilte til start, og nesten alle fullførte. Løpet blei avvikla i eit strålande vintervær.

Kjelder


🌱 Denne artikkelen er ei spire. Hjelp Setesdalswiki med å utvide artikkelen.