Salomonshelleren (buplass)
Salomonshelleren er den nordlegaste kjente buplassen i Sirdal. Plassen er ved Salomonsvatnet. I nordre enden av vatnet ligg ein heller som blir kalla Salomonshelleren. Om lag 100 meter nedanfor helleren ligg plassen Salomonshelleren. I luftline er det rundt 7,5 kilometer sørover til Ådneram. Om ein skal gå til fots er det vel ei mil.
Salomonshelleren var busett på første halvdel av 1800-talet, men ein kan ikkje utelukke at det har budd folk her tidlegare også. Den første kjente oppsittaren var spelemannen Olav Faremo (f. 1786, d. ca. 1866) frå Hylestad i Setesdal. Han brukte plassen som vanleg husmann. Grunnen høyrde då til bnr. 1 på Ådneram.
Atlak Atlakson Haugen overtok plassen etter Olav Faremo, og han kjøpte plassen og eit stort areal rundt av grunneigaren. Rundt 1863 blei arealet kjøpt tilbake. På det tidspunkt var det ikkje lenger nokon som budde ved Salomonshelleren.
Kjelder
- Per Seland, Sirdal gard og ætt, bind I, utgjeve av Sirdal kommune, 1980, side 84-91
- Norgeskart.no