Søtveiti
Hopp til navigering
Hopp til søk
Søtveiti var eit småbruk på garden Tveiti i Nordbygdi i Bykle. Det låg mellom Øytveit og Ryningen. Bruket eksisterte som eigen verestad berre i åra frå 1917 til 1950. Då gjekk det tilbake til Heimtveiti som det var gjort avtale om.
Kjelder
- Aanund Olsnes, Heimar og folk i Bykle, band III, utgjeve av Bykle kommune, 2006, side 262–267