Ridevegen Breive–Roaldkvam

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Ridevegen Breive–Roaldkvam er ein gamal ferdaveg vestover for byklarane. Han gjekk frå Breive, gjennom Veringsdalen, over Nordmannsvadet, forbi Sveigen, over Meien, forbi Bleskestadmoen fram til Roaldkvam ved Suldalsvatnet i Suldal. Breive-folk brukte denne vegen når dei var på handletur til Suldal. Der kjøpte dei korn, mjøl, salt og andre handelsvarer. Men det er høgt og vêrhardt å gå over Meien vest for Veringsdalen. Over 20 menneske skal ha mista livet på denne strekninga på 1700- og 1800-talet. Folk frå Breive skal ha gått handelsturar over Meien heilt til 1890-åra. Seinare blei det opna turiststasjon i Breive, og bygt turisthytte på Bleskestadmoen. Då blei ridevegen over Meien merka som turistløype.

Kjelder

Kart