Postkassetrimmen i Valle
Postkassetrimmen i Valle er eit arrangement som Valle IL organiserer. Føremålet er å få så mange som råd er opp av godstolen og ut i naturen for å oppnå ei betre helse både fysisk og psykisk.
2013
I 2013 var det sett ut 10 postkassar. For å få premie måtte vaksne registrere seg på alle 10 postane, medan alle under 16 år måtte registrere seg på 8 postar. Starten gjekk 20. juni 2013 og vart avslutta 10. september. I 2013 var det postkassar på Svorvaren, Stavskar, Varen, Løefjødd, Brottveit, Espetveit, Masta, Gloppefossen, Nevredalen og Åvåg.
2010
Ein kan hente pose med kart og oversikt over postar hos Statoil Rysstad, Coop Rysstad, Coop Valle og Joker Valle. I kvar pose er det eit kart for Oveinang, eit for Valle og eit for Hylestad. Postkassane er markerte på karta og så er det klippekort for dei respektive karta der ein klipper med tanga når ein er på postane. I alt er det 45 postar, og på kvar post er det ei bok for å notere at ein har vore der.
Krav til medalje
- 0-8 år: 5 postar
- 9-15 år: 15 postar
- 16-67 år: 25 postar
- Over 68 år: 10 postar
Premiering var i samband med Valle IL sin basar i november. Det er og premiering til dei som går alle postane i ei grend, den som samlar flest postar i sin klasse.
Postane
Oveinang
- Frå Hagefoss til Flateland camping, 2 km
- Frå Røysland til Nevredalen, 5 km
- Etter Veiådalsvegen til Gloppefossen, 3 km
- Før Edansfossen til Voglumstveit, 1 km
- Frå Ljosådalsvegen Bjørnarå til Oddeskar, 5,5 km
Valle
- Harstad - Gangshei, 0,5 km
- Harstad - Brottveit - Rike, ca 4 km
- Brottveit - Stavdalen, 3 km
- Valle skule - Vallarheim, 0,8 km
- Leite - ljosløypa - Lauvås, 1,5 km
- Preststøyl - Nordibøvegen til endes, 3 km
- Kyrvestad - Brenne - Ljosløypa - Leite
- Øvretveit - Tveitedalen, 2 km
- Sentrum - Jore
- Sentrum - Preststøyl
- Jore - Tveitebø - Vonheim
- Harstad - Tveitetunet, (Kvernhusvegen)
- Gråmannshus - Laugardalen
- Homme - Laugardalen, 4 km
- Åmli - Bøgruva - Bø, 1, 5 km
- Snuplassen i Hylesdalen
- Hylesdalen - Storelifjellet
- Berg - Kleggjestøyl
- Hylesdalen - Stavgrar
- Berg - Masta
Hylestad
- Skogsvegen - Neset sør på Hovet, 1 km
- Lykkje - Hagen - Bakken
- Krokan - Stemmen
- Bom, Breidal - Utom Øyetjønn
- Bjørgum - Bjørgelia, vel 1 km
- Bom, Breidal - Heievegen
- Brokkestøylen - Hommen, 4,5 km
- Brokkestøylen - ljosløypa
- Haugelandsvegen - Storås 640 m
- Haugelandsvegen - Åsemillom, 1,2 km
- Langfit - Toppen av skitrekk
- Soknehuset - Heimigard - Håmåren
- Haukedalsvegen - Naturparken, 0,5 km
- Gamlefjalskarbrui - Tverrli - Haukedalsvegen, 1 km
- Motorsenteret - Odde, 1 km
- Straume - Bommen, 1,5 km
- Åsheim
- Åsheim - Åsen, 1 km
- Heieveg - Bjørndalen - Besteland, 2 km
- Bommen - Heieveg, 2 km
Kjelde
- Postkassetrimmen i gang i Valle. Artikkel i Setesdølen nr. 48, 2013 side 3