Harstad
Hopp til navigering
Hopp til søk
Harstad er ein gard (gnr. 49) i Valle nord for Hallandsfossen, på austsida av Otra. I vest er Otra grensa. Elles byter Harstad med Åkre i nord, og Brottveit, Tveiti og Kveste i aust og sør. Garden har fire bruk, bnr. 1 Bakken, bnr. 2 Nistog, bnr. 4 Systog og bnr. 3 Oppistog.[1] Bekken Gryte renn ut i Otra på Harstad.
Historie
Det er funne fleire gravrøyser, rydningsrøyser og åkerreiner, og dessutan ei hustuft i eit fornminnefelt på garden. Ein kan rekne med at garden truleg er meir enn 1000 år gamal.[2]
Stadnamn på Harstad
I hovudoppgåva Nokre stadnamn frå Valle i Setesdal nemner Dreng Uppstad ti stadnamn frå innmarka og 62 frå utmarka.
Innmark
- Brandsvoll
- Fittrekti
- Gangsei
- Harstad D'en
- Høgehaugen
- Krokane
- Mjunebrokke
- Mjølsådet
- Raunåkerfallet
- Tjunehaugen
Utmark
- Ausa
- Bakken
- Bakkestølen
- Bergi
- Bjugssåt
- Bjørnbåsen
- Broti
- Bufarhaugen
- Bufarsteinen
- Dikemyrane
- Djupeskor
- Dritaren
- Fiskevatn
- Fitestøylen
- Fruva
- Færevassnuten
- Færevasskardet
- Færevasstølen
- Færevatn
- Gaalstog
- Gamlebud
- Grjotstøl
- Grjotvad
- Helleren
- Kleivane
- Koturd
- Langebakksteigen
- Lausegrasskardet
- Luseskard
- Luseskardheii
- Lisleløyning
- Mannspannåkeren
- Mjeltekvelven
- Musegata
- Myrbudslåtta
- Rævsholone
- Rinden
- Rossevatn
- Rossåsane
- Rulkedalsholet
- Salvessteinen
- Sandbrauti
- Skrubbsholone
- Sollid
- St. Olavs fot
- St. Olavs hovud
- Stiddestein
- Storestøl
- Surtemyrane
- Tjørnelidi
- Tjørnelidtjørni
- Trettemyri
- Tussebudi
- Tussegjota
- Ukvillsdalen
- Ungarbas
- Vassland
- Vasslandsheii
- Vasslandsstrondi
- Visrunane
- Vollrjo
- Vollrjoknausen
Referansar
- ↑ Alfred Ryningen, Valle kommune IV Gards- og ættesoge Valle, utgjeve av Valle kommune, 1987, side 10
- ↑ Valle gards- og ættesoge, side 8