Plan- og miljøutvalet i Valle 2011
Hopp til navigering
Hopp til søk

Foto: Britta Lise Homme
Plan- og miljøutvalet i Valle 2011 har fem medlemmer frå 2011, mot tidlegare sju medlemmer, ettersom Valle kommunestyre i 2011 vart redusert frå 21 til 15 medlemmer. Utvalet er planutval i høve til plan- og bygningsloven. Det har og oppgåver innan miljøforvaltning og utmarksforvaltning.
Medlemmer
Desse vart valde inn på kommunestyremøtet 12. oktober 2011:
- Torleif B. Harstad, leiar
- Knut Hagen, nestleiar
- Astrid Kyte
- Bjørgulv T. Berg
- Hanne T. Straume
Vara for dei fire første er Kjetil A. Homme, Torunn Charlotte Nyberg Lund, Magnus Berg, Nina S. Johnsen, Kristin Brokke og Trygve Brokke. Vara for Hanne Straume er Hildeborg Homme.