Kristin Brokke
| Kristin Brokke | ||
|---|---|---|
| ||
| Født: | 24. april 1973 (52 år) | |
Kristin Brokke (født 24. april 1973 i Oslo) er miljøterapeut i Valle kommune. Ho er dotter til Torbjørg Berg-Thomassen og vaks opp i Kristiansand. Kristin Brokke er utdanna lærar frå Høgskolen i Oslo, der ho hadde fordjupning i kunst og handverk.
Lærar og kunstnar
Ho arbeidde som lærar i Oslo i tre år før ho kom til Valle og busette seg i Brokke. Etter nokre år på Hylestad skule var ho lærar på Valle skule i fem år før ho gjekk over i avdeling for habilitering. Kristin er gift med Tor Brokke, dei har to barn.
På fritida driv Kristin Brokke som kunstmålar. Ho har delteke på fire kurs ved Nydalen kunstskole i Oslo frå 2011-2013. Det første kurset heitte «Finn din indre kreative stemme». I starten arbeidde ho mest med figurative motiv, men etter kvart har det blitt meir abstrakte motiv i kunsten hennar.
Utstillingar
20. oktober 2012 hadde ho separatutstilling i Frikyrkja Valle. Tidlegare har ho vore med på Valleutstillinga (2001) og hatt utstilling på Frk. Larsen i Kristiansand.
14. september 2013 til 3. oktober 2013 hadde ho separatutstilling med 22 bilete hos Haavik kunst og rammer i Skippergata 21 i Kristiansand.[1]
Sommaren 2015 hadde ho utstillinga «Stemningar» på Setesdalsmuseet. Den opna 6. juni 2015[2]
2. juli 2022 til 6. august 2022 deltok ho på utstillinga Setesdal. Vår tid i Valle.
Kjelder
- Ole Birger Lien: Opnar utstilling i Frikyrkja. Artikkel i Setesdølen nr. 82, 2012 side 10]
- Samtale med Bjørgulv T. Berg i Onsdagsprogram i Valle Radio 20121024
- Opplysning frå Kristin Brokke på epost 18. november 2012
Referanser
- ↑ *Ole Birger Lien: «Hav møter fjell» i Kristiansand]. Artikkel i Setesdølen nr. 68, 2013 side 3]
- ↑ Om utstillinga hos Setesdalsmuseet
