Onsdagsprogram Valle Radio 20100908

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Onsdagsprogram Valle Radio 20100908 lister programmet i Valle Radio onsdag 8. september 2010.

Program

Aktuell time

Sendinga starta med ein samtale mellom Bjørgulv T. Berg og Valle Radio sin redaktør Ørnulf Hasla. Dei presenterte aktuelle ting om radioen: Nettsida på Facebook og bloggen til Harald Haugland. Vi har og fått tre nye teknikarar som vil prøve seg i haust: Liv Gunn Viki, Anna Stella Karlsdottir og Kåre Rike. Dei skal ha opplæring i haust, men frå nyttår vil dei gå inn i turnus.

I vår var radiostaben på besøk i NRK Sørlandet, der var det sjølvkjør, men Valle Radio vil ikkje ha det, for ein vil ha eit sosialt fellesskap. No har ein fått opptaksutstyr som gjer at programleiarane kan kome rundt i bygda. Ein er oppteken av å kome rundt til lag og foreningar og lage opptak når det er høveleg.

Om den nye Setesdal folkehøgskole

Deretter var det intervju med Ole Birger Lien, som er rektor på Setesdal folkehøgskule og Kjetil Mykland, 17 år gamal elev på skulen frå Froland. Intervjuet var gjort på internatet på skulen. Ein har 24 elevar fordelt på linjene cross og trial. Skulen ligg i Valle, øvinga skjer på Åraksøyne. Dei tre dagane dei har øving, då vert dei køyrde ut på morgonen og har treninga der. I tillegg har dei mekanisk arbeid der. Det er hardt arbeid å køyre cross og trial, det er hard påkjenning på sykkelen og den treng vedlikehald. Lydnivået er høgt.

Skulen har fem tilsette i tillegg til rektor.

I utgangspunktet skal elevane vere på internatet i helgene. Skulen har laurdagsseminar om ulike emne. Mellom anna har dei heiane i Setesdal som tema. Men om det er konkurransar, kan dei få reise og delta på dette. I februar er det tur til Spania, køyring og opplevingar knytt til motorsport er det som kjem til å vere tema der, det vert nok ikkje så mykje strandliv der nede.

Snøscootercross vart det ikkje noko av i år, dei fleste som er aktive i det no for tida, held til frå Trøndelag og norodover. Men til neste år vil tilbodet verte lyst ut på nytt.

Journalist i Setesdølen

Deretter hadde han ein samtale med Helene Horverak, som begynte i Setesdølen som journalist etter ferien.

Kommunen informerer

I kveld var det Elise Marie Kringen som var i studio frå Valle kommune. Ho tok opp Heieplanen og behovet for å engasjere seg i den. Deretter snakka dei om Kulturveka i Valle, og ho oppfordra også til å bli med i Setesdal syng Abba. Særleg treng dei menn i prosjektet, sjølv om påmeldingsfristen er gått ut, er det råd å melde seg på. Bjørgulv og Elise Marie snakka også om Setesdalswiki.

Kirsten Bråten Berg kjem med ny plate

Den nye plata til Kirsten Bråten Berg heiter Songen. Den folkelege songen er på veg nedover i det norske samfunnet. I andre land tek dei meir vare på eigen musikk i miljøet. Kirsten Bråten Berg opplever at både Sverige og Aust-Europa set mykje meir pris på dei tradisjonelle songane. Men i Norge er det ikkje populært med songane som stod i Mads Berg si songbok og dei tradisjonelle songane. Astrid, mi Astrid har same versemål som Valle, min heimstad, så dei spelte den i sendinga. Den nye plata hennar er ikkje på Spotify, men ein kan kjøpe den på Setesdal Husflidsentral, Hasla og Statoil Rysstad, mellom anna.

Saavi Nomeland jubilerer

I høve at Nomeland feirar 50 år som entreprenør, hadde Bjørgulv invitert Saavi til å fortelje noko om desse åra. Han starta med å fortelje om korleis han gjekk rundt i bygda for å få påskrift til lånet. Hylestad kommune hadde garantert for 140.000 kroner, men i tillegg måtte han samle bankstyret. Dei ville ikkje godkjenne alt, så han måtte rundt og få garantiar i tillegg. Med den lista var fullfinansieringa på plass. På jubileumsfesten fekk han utlevert kopi av styrevedtaket i glass og ramme.

Fyrste maskinen, som var ein kombinert showel og bulldosar, hadde hadde han i tre-fire år. Etter kvart skaffa han seg fleire maskinar og måtte tilsette folk. Då i 1960-åra var det mykje bygging av anleggsvegar i samband med kraftutbygging. Eg måtte ha fleire folk, og eg satsa og på å få folk til å styre med rekneskapen, slik at kemneren ikkje skulle kome på døra. Det var og vikitg å rekne på anbod, og ein måtte og kunne omgås folk.

Det har skjedd ei sterk utvikling i standard i maskinane. Før var standarden ikkje høg, og ein fraus mykje når ein køyrde dei. I dag er det som å sitje i den finaste bilen. Og så ville Saavi sende ei helsing til alle konene som var saman med mennen sine på festen. Utan dei hadde ikkje medarbeidarane til Saavi kunne gjort jobben.

Opi sending

Opi sending var ved Rolf Erik Homme og Henri-Tore Viki. Dei tok utgangspunkt i siste nummer av Setesdølen for rebusane.

Eksterne lenker