Ola G. Lauvland
| Ola G. Lauvland | ||
|---|---|---|
| Født: | 10. juli 1839 | |
| Død: | 11. juni 1893 (53 år) | |
Ola Gunnarson Lauvland (fødd 1838, død 1893) var bonde på Lauvland i Evje og ordførar i Evje kommune 1882-1893. Han var eldstemann i ein syskjenflokk på sju. Mellom desse var Jørgen Løvland. Ola Gunnarson var gift med Kari Johnsdotter Lauvland (fødd Rosseland)). Kari døydde i 1873, to dagar etter å ha fødd sonen Gunnar. Ho blei bare 28 år gamal.
Ola G. Lauvland var ikkje «seminarist» som dei fire yngre brødrene sine. I staden tufta han meiningane sine og skjønet sitt på eigne livserfaringar. Olav Arne Kleveland nemner Lauvland som ein klårtenkt samfunnspolitikar og samfunnsreformator. Han kom til å sette djupe merke etter seg den tida han var ordførar. Han arbeidde spesielt for at bygda skulle få høvelege vegar og skulehus. Det var i hans tid som ordførar at den nye Evje kyrkje vart bygd. Som ordførar sat han også i fylkestinget. Her var han formann i vegnemda og medlem i jernbanenemda. I 1888 møtte Ola G. Lauvland på Stortinget, som varamann for Lars Liestøl. Broren Jørgen sat også på Stortinget då.
Garden heime på Lauvland overtok Ola G. Lauvland etter foreldrene i 1885. Han skal ha vore ein arbeidssom og dugande gardbrukar. Då Evje og Hornnes Sparebank vart skipa i 1864 var Lauvland den første kasseraren. Han stod i dette vervet til han døydde i 1893.
Frå 1888, då han møtte på Stortinget, tykkjest Lauvland å bli oppteken av språkbruk og oppglødd for målsaka. Fram til då hadde han skrive namnet sitt Ole G. Løvland. Det endra han no altså til Ola G. Lauvland.
Kjelder
- Olav O. Uleberg og Olav Arne Kleveland, Kultursoge for Evje og Hornnes, band II, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 2003, s. 292-293
- Ellen Miøen Sæther, Lauvland - Fra nybrott til fritidsbruk, utgjeve av Evje og Hornnes Sogelag, 2013, s. 59-63