Gunnar O. Løvland (1873)
Hopp til navigering
Hopp til søk
| Gunnar O. Løvland (1873) | ||
|---|---|---|
| Født: | 5. januar 1873 | |
| Død: | 1935 (alder 61–62) | |
Gunnar O. Løvland (fødd 5. januar 1873, død 1935) var bonde på bruket «Dernede» på Lauvland i Evje og kasserar i Evje og Hornnes Sparebank 1893–1910. Han var også agent for forsikringsselskap og selde landbruksmaskiner til folk i dalen. Gunnar var gift med Birgit T. Løvland (fødd Oterholt) frå Telemark. Dei fekk tilsaman 11 born, men det eine døydde bare få månader gamalt.
Gunnar selde gardsbruket til onklane Jørgen Løvland og Anders Løvland i 1914, men han og kona Birgit blei buande i heimen resten av levetida.
Kjelder
- Ellen Miøen Sæther, Lauvland - Fra nybrott til fritidsbruk, utgjeve av Evje og Hornnes Sogelag, 2013, side 104–107
- Sigurd Haugsgjerd, 150 år. Evje og Hornnes Sparebank 1864-2014, jubileumsbok, 2016, side 13