Nordbø
		
		
		
		
		
		Hopp til navigering
		Hopp til søk
		 
  
		
	
 
  Nordbø ligg i gamalt kulturlandskap. 
Foto: Geir Daasvatn  
Nordbø er ein gard (gnr. 60) i Flatebygd i Evje og Hornnes. Han ligg nord for Gautestadvegen, mellom gardane Tveit i vest og Austerhus i aust. Frå Gautestadvegen svingar Nordbøvegen seg oppover i terrenget mellom bruka i Nordbø.
Namnet
Namnet var Nordrbær i gamalnorsk, altså Nordgarden. Dette syner til at han er den nordre garden i forhold til Flåt. Flåt er truleg den eldste garden i Flatebygd, og Nordbø må derfor vere yngre enn denne.[1] Ein trur at Flåt vart rydda i romersk jernalder, altså i eitt av dei første hundreåra etter Kristus. Samstundes meiner kjennarane at garden Tveit er gått ut frå Nordbø, kanskje på 800-talet.[2] Eingong i tidsromet mellom dette må Nordbø då ha blitt skild ut frå Flåt.
Heimar og bruk i Nordbø
Referansar
- ↑ Oddmund Mogstad, Gardsnamn i Evje, artikkel i Arnstein 2008, side 36
- ↑ Arvid Tveit (Evje) og Oddmund Mogstad, Tveit i Flatebygd, artikkel i Arnstein 2003, side 23

