Myklandsdalen
Hopp til navigering
Hopp til søk
Myklandsdalen er eit lite dalføre som går i nord-sørleg retning like vest for Mykland sentrum, sør for Fylkesveg 42, om lag der Fylkesveg 413 tek av frå Fv-42 mot Bås og Åmli. Under issmeltinga førde bre-elvane med seg lausmateriale, som leire, sand og grus, som så vart avsett på flatare parti i landskapet. Myklandsdalen er eit eksempel på landskap der dette har skjedd.
Det går skogsbilveg frå Fv-42 sørover gjennom heile dalen mest fram til den fråflytta garden Skripeland. Den austlege delen av Jurdalsknuten naturreservat ligg i dalføret.
Kjelder
- Norgeskart.no
- Knut Mykland, Myklands historie. Kultursoga til 1832, utgjeve av Mykland Bygdeboknemnd, 1998, side 19