Munnharpesull
Munnharpesull er eit dikt av John Hemsing. Han besøkte Setesdal i 1941, og sidan levde dalen i minnet hans. I 1980 fekk han ei munnharpe smidd av Knut G. Hovet av Birgit Elise Kleiven. Mor hennar var frå Hylestad, og i takksemd laga han diktet.
Teksten
Frå høgste heiane inn mot Bykle
som nittan-åring eg kom te' sykle.
Eg ville gjeste den gamle dal
der Otra strøymer så stri og sval.
Her lever døler i gamle-verdi
og har sin hugnad på døle-gjerdi
med sølvprydd bunad og skinn-bøtt bak
så trygt og traust under torve-tak.
Ja, her fins enn dei som nører år'-eld,
som trur på tegn og på nøkk og når-eld,
som trør sin gangar og tek ein trall
i kvelde-setar med segn og svall.
Der Bykle-stigen ber ned mot Valle
meg møtar sælaste syn av alle:
Den blide bygdi med slipte sva.
ho blundar blyg imot sole-glad.
Og furumoane sorg-lint susa
ved Byglandsfjorden som smått seg krusa.
Ved Møy-gardane der ikring
eg vart som inntrylt i huldrering.
Dem døyvde dåmen i stev og fele
så blidt til øyra mitt der fekk bele,
men aller varast til hjarta når
munnharpesusen i doggmjuk vår.
Ein takk til smeden som nau-vart smidde
og blyge jenta som flink meg flidde
i handa harpa og neia til!
Den hugnadstundi eg gøyma vil.
Når eg sit einsleg ved minne-elden
og slær mi harpe i seine kvelden
og hugen tillsleg attende trår,
eg atter ung der i dalen står.
Han tonar tidlaust or folkehugen,
frå støyl og heiar og ville skogen,
som dulde kjelder i dalen sprang,
som løyndomskviskring på vene-fang.
Kjelde
- Setesdølen nr. 91, 1980 side 5