Kvivatnet
Utsjånad
Kvivatnet er eit vatn i Setesdal Vesthei, i grenseområdet mellom Sirdal og Bygland, som etter oppdemming for kraftproduksjon saman med fleire andre vatn dannar reguleringsmagasinet Kvifjorden. Oppdemminga slik at alle desse vatna blei ein vasspegel skjedde i 1966–1968.
Garden Kvinen i Sirdal blei delvis liggande under vatn etter oppdemminga. Det same gjaldt husmannsplassen Nedre Kviplassen i Bygland.
Kjelder
- Informasjonsskilt ved Nesjendammen
- Artiklane om Kvinen og Nedre Kviplassen på Kulturminnesok.no