Kvilldal

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Kvilldal er ei bygd ved sørenden av Suldalsvatnet i Suldal i Rogaland. Her ligg Kvilldal kraftverk, det største i Norge målt i installert effekt. Frå Kvilldal går det også ein 800 km lang straumkabel til England.

Når det i tidlegare tider var matmangel i Bykle, måtte byklarane fare over fjellet til Vestlandet for å kjøpe korn. Ei vanleg rute for folk i Nordbygdi var då å reise over til Kvilldal. Vegen gjekk inn Støyledalen om lag der vegen inn til Store Urevatn går i dag. Ved Reinevatn følgde dei Smalevasseggi mot Krokevatnet og vidare vestover.

Kjelder

Kart