Homsåne

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Homsåne (Kvinnåne) er ei elv i Homme i Valle. Ho kjem frå Stavvatnet høgt oppe på heia aust for busetnaden og renn ut i Otra frå aust. Elva er bygd ut med Hommsåne kraftverk.

«Industrieventyr»

Elva hadde 16 kvernhus, 3 sagbruk og vadmålstampar oppetter elva. Dei vart drivne av gardsbruk i Homme og Tveitebø. Nokre sette også opp aggregat i kvernhusa og skaffa seg elektrisk straum lenge før Valle fekk straum i 1947.

Kjelder

Kart

Laster kart...