Hasseldalen

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Småbruket Hasseldalen 31. mai 2024.
Hasseldalen 31. mai 2024.
Foto: Geir Daasvatn

Hasseldalen er eit lite småbruk, som nå er nedlagd og fråflytta, på Kjetså i Hornnes. Det var husmannsplass under Futegarden (bnr. 5) i Hornnes-garden frå om lag år 1830. Den fyrste plassmannen skal ha vore Ola Olson Ås (fødd 1793).

Hasseldalen blei skilt frå Futegarden i 1924, og bruket har frå då av vore eit sjølvstendig småbruk.

Den gamle byvegen, ein rideveg som var eit alternativ til å ta seg fram på fjorden mellom Fennefossen og Kile, kom forbi Hasseldalen og gjekk ned til Kjetsåna der det var bru.

Kjelder

Kart

Laster kart ...