Hornnes (Evje og Hornnes gnr. 15)
 
   
  Hornnes er ein gard (gnr. 15) i Hornnes i Evje og Hornnes kommune. Truleg er han ein av dei eldste gardane i Otra-dalføret.
Namnet
Det har vore vanleg tolking at Hornnes-namnet kjem frå sandneset (eller nesa) som stikk ut i Otra som eit horn. Den lokale namnekjennaren Oddmund Mogstad har peika på ei anna mogeleg forklaring. Kan namnet kome av at garden ligg på eit hjørne mellom Kjetsåkilen (Voilan) og Dåsåna? Garden ligg i alle høve sentralt plassert i forhold til sidedalføra som støyter til på vestsida av Otra. Han vart difor eit samlingspunkt for distriktet. Dette distriktet eller bygda fekk då namnet Hornnes etter garden.
Storgard
Hornnes-garden var frå gamalt av ein stor gard. Med skog, hei og utmark utgjorde han 30.000–35.000 mål. Den første eigaren ein kjenner til er Salve Kjetilson Hornnes. Han må ha levd på andre halvdelen av 1500-talet. Han eigde heile garden (fire huder). Salve Kjetilson eigde også garden Moi lenger sør i bygda.
Historie
I 1887 eller 1888 fann gardbrukar John N. Hornnes 37 skraparar av flintstein i ein åker på Hornnes-garden. Dette var det største steinalderfunnet i Evje og Hornnes fram til 1970. 15 av skraparane er ved Universitetets Oldsakssamling i Oslo, 13 er i Kristiansands museum og nokre er teken vare på heime på Hornnes. Alderen på gjenstandane er ikkje nøyaktig fastsett, men ein har gissa på at dei er 3000–4000 år gamle.
På gardsbruket Haugen under Hornnes-garden var postopneriet i Hornnes frå 1865 til 1928. Det var også i Haugen Evje og Hornnes Sparebank vart etablert. I Futegarden budde futane i Setesdal frå 1865–1919.
Heimar og bruk i Hornnes-garden
- Lunnen
- Futegarden
- Haugen
- Der ute
- Hornnesvegen 10
- Neset
- Doktermonen
- Åsan
- Hasseldalen
- Birkåsen
- Valhall (Evje og Hornnes gnr. 15 bnr. 24)
- Hornnes jernbanestasjon
- Risdal
- Halland
- Birketveit (Evje og Hornnes gnr. 15 bnr. 34)
- Gunheim
- Frøysnes (Evje og Hornnes gnr. 15 bnr. 36)
- Ljosland (Evje og Hornnes gnr. 15 bnr. 41)
- Neset, nedre
- Liestøl (Evje og Hornnes gnr. 15 bnr. 46
- Oseng
- Haugtun
- Voilestø
- Nestun
- Åstun
- Samtun
- Frydentop
Sjå også
Kjelder
- Olav O. Uleberg, Hornnes I, Gards- og ættesoge, utgjeve av Hornnes bygdesogenemd, 1969, side 330 flg.
- Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990, side 31 og 63, side 318
- Daniel Danielsen, Litt gamalt frå Hornnes-garden i Hornnes, Årsskrift for Agder historielag, nr. 28 (1948), side 22–27
- Oddmund Mogstad, Gardsnamn i Hornnes, artikkel i Arnstein 2006, side 31
- Sigurd Haugsgjerd, 150 år. Evje og Hornnes Sparebank 1864-2014, jubileumsbok utgjeve 2016, side 11