Gunnulf Gunnarson Gautestad
| Gunnulf Gunnarson Gautestad | ||
|---|---|---|
| Født: | 1825 | |
| Død: | 6. juni 1888 (alder 62–63) | |
Gunnulf Gunnarson Gautestad (fødd 1825, død 1888) var bonde og spelemann på Gautestad i Evje.
Han var fødd på gardsbruket «Der Oppe». Han tok over bruket i 1858. Vidar Lande skriv[1] at det blei mykje speling, og ikkje så mykje tid til familieliv og gardsarbeid. Etter kvart blei økonomien dårlegare. Til slutt, i 1876, måtte Gunnulf og familien gå frå garden.[2]
Han budde seinare i Vassend i Bygland (1876–1879), på Senum i Hornnes (1879–1881), på Vrålstad i Tovdal (1881–1888) og Øvre Skjeggedal (dei siste dagane før han døydde).[3]
Kona til Gunnulf var Torborg Olsdotter Aavitsland (f. 1833). Foreldra hans var Gunnar Klemetson Gautestad (f. 1799, d. 1894) og Anne Gunnulfsdotter Gautestad (f. 1801, d. 1871).
Store musikalske evner
Garden var ein sentral, naturleg stoppestad for slekt, arbeidsfolk, kråmkarar og spelemenn som reiste mellom Grendi og Mykland. Eller dei var på veg frå Åmli, Froland eller Mykland mot Evje, Hornnes og vidare mot Åseral. I dette geografiske og kulturelle knutepunktet kom Gunnulf inn i miljøet til den tradisjonelle felemusikken. Han tok til å syne store musikalske evner.[4]
Rundt 1840 fekk Gunnulf Torstein Kråkeland (f. 1807) som spelelærar. Alt frå ungdomsåra fekk han med det eit repertoar med myke innslag av slåttar og spelestil frå sør-vest på Agder, som Bjelland, Laudal og Marnardal-området. På denne tida kom også dei reisande av Fredriksen-familien inn i Gautestadmusikken. Olav H. Bergsland påverka òg Gunnulf, med det ekte myllarspelet. Nere G. Nese var på vitjing, med både setesdalsmusikk og telemarksmusikk.[5]
Gunnulf var spesielt omtala som «bryllaupsspelemann». Ingen i Evje skal ha spela i like mange bryllaup som han. I 1850- og 1860-åra var han kjend som den dyktigaste spelemannen i Evje.[6]
Kjelder
- Anne Tone Aanby (red.), Spelemannen - og slåttemusikken i Åmli, utgjeve av Åmli Boknemnd, 2018, side 82, side 228–229
- Vidar Lande, Mellom aust og vest. Folkemusikk i Evje og Hornnes, utgjeve av Vidar Lande i samarbeid med Evje og Hornnes Sogelag, 2024, side 119 flg.
Referansar
- ↑ Vidar Lande, Mellom aust og vest. Folkemusikk i Evje og Hornnes, utgjeve av Vidar Lande og Evje og Hornnes Sogelag, 2024, side 124, første spalte
- ↑ Lande, side 130, første spalte
- ↑ Lande, side 130–133
- ↑ Lande, side 123, første spalte
- ↑ Lande, side 123–124
- ↑ Lande, side 127, andre spalte