Gatekunst under Bykle bru


Ein mystisk gatekunstnar som løyner seg bak namnet Pøbel har også vore under Bykle bru med sin kunst. Der har han teikna ei kvinne i rullestol, eit kjend motiv frå musikalen Sound of Music. Den løyndomsfulle kunstnaren fortalde til NRK-Sørlandet at den vakre utsikten frå brua inspirera han til kunstverket. Dette hende i 2009, men det gjekk 5 år innan nokon oppdaga teikninga.
Gatekunstnaren nyttar pseudonymet Pøbel, og eit særtrekk er at ein finn den spesielle kunsten hans på avsides stadar rundt om i landet, slik som under Bykle bru. Dette er ein mann frå Stavanger, men det er få som veit kven han er.
Liv Åkre Trydal vart kjend med kunstverket i mai 2014 etter tips frå andre, og la ut eit bilete på Facebook seinhaustes same år. Kort tid etter kom biletet hennar i Sørlandssendinga og i Agderposten. Ordførar i Bykle, Jon Rolf Næss, ville gjerne behalde kunsten under Bykle bru, medan Sigurd Wiberg i Statens vegvesen seier at tagging er ulovleg, og ville helst få kunsten fjerna. Men seinare såg det ut til at vegvesenet allikevel ville la kunsten få stå
Kjelder
- Elise Rønnevig Andersen: Mystisk gatekunstner setter preg på Bykle, nrk.no/sorlandet, 6. november 2014.
- Arne Ingmar Eggen Aie: Vil ikke fjerne grafitti fra bro, agderposten.no, 6. november 2014.