Faringa i Nygruva
Faringa i Nygruva (hjelpesynken) var stigegangane i Loddsynken i Nygruva i Flåt nikkelgruve i Evje.
Faringa gjekk i ei eiga sjakt ved sida av heissjakta. Det var først (frå 1917) stigar på 6–7 m, med ein plattform eller tregolv mellom. Seinare kom det nye forskrifter, og stigane blei reduserte til 3,5 m lengde. Loddsjakta var 422 m djup. Det blei då ca. 140 plattingar etter kvarandre oppover i hjelpesjakta med 140 stigar på kvar 3,5 m. Gruvearbeidarane brukte normalt ikkje stigane i hjelpesjakta, men kom opp av og ned i gruva med heisen i heissjakta. Men om heisen stod, eller det var heilt nødvendig av andre grunnar, måtte dei gå opp eller ned alle dei 140 stigane i loddsynken. Det var ikkje lys i stigane eller ved treplattingane. Bare når ein passerte ein stasjon var det setta opp to lyspærer. Ein gjekk såleis størstedelen av vegen i mørke eller bare med ei karbidlampe. I faringa rann det også søyle og svovelhaldig rustvatn heile tida.
«I sjakta var det fælt», har gruveveteranen Elef Åsland seinare fortald.
Kjelder
- Sigmund Monen, Flåt nikkelgruver og bygda. Arbeidarhistorie, utgjeve av Evje og Hornnes kommune, 2016, side 311 og side 330–332
- 🌱 Denne artikkelen er ei spire. Hjelp Setesdalswiki med å utvide artikkelen.